Elling vart revypave i Stryn

Elljing "på bøna" - revypave i Stryn

Høyr radiopraten her

Konkurranse dreg publikum. Medan Spellmannsprisen fekk folket til å synke ned i sofaen, fekk Revy Grand Prix stryningane til å storme til kulturhuset. ”Full fjøs” i samdrifta laurdagskvelden. Stryn har eit rikt revymiljø med avleggarar i alle bygdelag. Denne kvelden sette dei kvarandre stemne for å kjempe om ære og 50 000 kr i pengepremiar. Revy Grand Prix er arrangert av Stryn Ping Pong klubb, der dei gjer alt anna enn å spele ping pong. Dei arrangerer Oktoberfest i september og Revy Grand Prix på Palmelaurdag.

Og ”englane finst” i Stryn. Her kan du få deg totimars middag og tretimars revy på same billetten. Vi er knapt i gang før dei ropar OVERRASKELSE, og vokalisten frå Ole Ivars står lys levande på scenen: ”Jag trodde englane fanns”. Publikum løftar seg.

Revytevling har sin eigen regi. Framsyninga er dømd til å verte ein ”lapskaus”, og ikkje ein samanhengande revy. Då er det viktig at husbandet er på tå hev. Og showbandet på scenen spelar kvelden i hop til å verte ei samanhengande framsyning. Spesielt viktig er bandet, når alle revynummera er kjemisk fri for song. Tematisk handla det om bruer og kraftkarar hengande i kraftleidningen, om utanlandsk arbeidskraft og gamlingar på heimen, om sex og sjøorm. Ei ”Sunnmørshyttedame” fekk låtten til å stå i taket. Ein god karikatur som stryningane kjende att.

”Elljing” i ein klasse for seg. Publikum røysta fram vinnaren, og det gledde meg at dei samla seg om min klare favoritt. Elling Sølvberg frå Fjelli UL er meister i monolog. Han framførte kveldens beste tekst toppa med den beste skodespelarprestasjonen. Ein skulle tru at tema om kropp og kjønn, slanking og sex for lengst er utslite på revyscenen. Men ”Elling” vert ikkje vulgær. Han legg seg ”heilt nedpå”. Han vågar å antyde og let publikum dikte vidare sjølv. Han leverer teksten utan unødige faktar med pausar og rytme. Han kommuniserer med publikum. I særklasse. Og når røystesetlane skal teljast som om det var paveval, så gir publikum ”Elljing” kvit røyk og 25 000 velfortente kroner.

Om det var ujamt og i lengste laget, så fungerte arrangementet i godt samspel med publikumet sitt. Nummera vart gjennomgåande for lange, og dei fleste skreik etter sluttpoeng. Men undervegs var det typespel, speleglede og jubel frå publikum. Å halde publikum på stolane i tre timar er ein sport i seg sjølv, spesielt når dette er eit arrangement som utfordrar blærepresset hjå enkelte.

Reint revyfagleg er det rom for forbetring ved å legge ein strammare regi på tevlinga. Men kanskje ein då får større vanskar med å mobilisere revygruppene? Eg trur likevel at det kan forsvarast å krevje ”oppstramma” nummer, når ein kan lokke med så store pengepremiar. Revy Grand Prix er eit arrangement med laus snipp. Så får Ping Pong klubben spørje seg om snippen skal vere så laus at ein tydeleg rusa person får opptre på scenen – sjølv om han var utanfor konkurranse!

Oppsummert: Eit annleis revyarrangement som er under stadig utvikling. Ein artig vri med overrasking, konkurranse og stand up i ei gryte. All honnør til arrangør. Eit glimrande husband. Ein fullsett sal der folket storkosa seg. Dei beste nummera held god kvalitet. ”Elljing” vart revypaven i Stryn. Til slutt er eg spent på om Ping Pong klubben vel ein litt strammare regi neste år.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Elling vart revypave i Stryn

  1. Anne Mari Alberg sier:

    Hei Hans Jakob
    Heilt samd i at det var mykje god underhaldning i Revy Grand Prix. Og at Elling Sølvberg vann fortent i år. Eg var spend sidan han hadde ein super figur i prøvehopparen i fjor. Eg er ikkje heilt samd i å stramme inn regien. Du nemnar også at stramme krav kan hindre deltaking og det er trass alt nummer frå lokalrevyar som er med i tevlinga. Der har du eitt godt poeng og eg meiner det er litt «fri dressur» og laus snipp som skapar stemninga i arrangementet og gjer at folk strøymer til arrangement som Ping Pong Club har hand om. Altfor stram regi kan byggje for høg terskel til å vere med. Det er også mange lokale poeng smetta innimellom, som det kan vere vanskar å få med for oss som kjem utanbygds frå. Men Hans Jakob, du skal ha honnør for at du dreg rundt og gjev merksemd til ulike kulturarrangement i fylket.

  2. Hans Jakob sier:

    Takk for tilbakemelding. Vi er nok ikkje så usamde. Eg vel å gi mitt eksterne blikk på arrangementa. Folk har stort sett vel nok interne kommentarar. Dei fleste lokalrevyar tener på strammare regi og litt eksterne blikk. Samstudes er det avgjerande at det er dei lokale som har styringa. Kven elles? Ein må vere litt «tøff i trynet» for å melde på tvers av sjanger og geografi. Eg står for det, sjølv om eg ikkje er skråsikker. I morgon tidleg melder eg Palmerevyen. Ein heilt annan revysjanger! 0740 tysdag!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *