Spansk Flue med snert

Høyr radiokuttet

”Den spanske flue” er ein teaterklassikar i sjangeren farse. Her er det komikk og fart. Her fyk folk ut og inn av dører i von om å treffe rette personar og samstundes unngå andre. Kort sagt; forviklingar og overspel med karikerte typar. Amatørteatret hadde première i den ærverdige Turnhallen i Måløy på fredag. Kafépub og kaker ved fullsette langbord.

Ekteparet Klinke sine konfliktar driv farsen frå dør til dør. Dei er besteborgarar der Herr Klinke er foretningsdrivande med hemmeleg son med den fyrige dansarinna ”Den Spanske Flue”, og fru Klinke er leiar for ”sedelighetsforeningen”. Situasjonen innbyr til utpressing, og det vert ekstra trykk i forviklingane når ein ung mann dukkar opp og utgir seg for friar til husets unge damer. Kanskje er han den hemmelege sonen?     

Stykket er krevjande for amatørar, fordi ein treng gode skodespelarar og mykje øving for å få komikken til å sitje. På den andre sida er ein trygg på at den klassiske teksten heng saman i alt sitt kaos, og at stykket vil levere om skodisane får det opp i fart med snert og sjarm. Det er den niande oppsettinga i Vågsøy Teaterlaget. Stykket er likevel eit modig og spennande val. Vi har ein rik revytradisjon i fylket, og når teaterlag set opp spelstykkje, så vel dei altfor ofte folkekomedie om ”Kallane i Ola-dalen”. Eg reiste til Måløy for å sjå amatørar som torer noko meir krevjande.

Suksessoppskrifta i dette stykket er tre spissar og mykje hardt arbeid. På eit habilt jamt skodespelarlag på 12 personar, er det skodespelarane i dei tre hovudrollene i stykket som ber framsyninga i mål. Daniel Gangeskar sparar ikkje på effektane når han framstiller den unge mannen med amorøse hensikter. Arve-Rune Tennebø spelar Herr Klinke med fart, fynd og klem. Likevel likte eg Fru Klinke aller best. Grete Andal er eit funn i rolla som ”hespetre” i sedelighetsforeningen”. Der dei to andre karane eg har nemnt kan overspele vilt, må Grete Andal syte for at det vert gitt liv til ei meir stillfaren og utkropen hurpe. Meisterleg! Eg trur ho må ha henta inspirasjon frå mange hurpete modellar i lokalmiljøet! 

Heile gruppa har jobba hardt. Det ser ein på farten i stykket, som stort sett er god. Likevel er det her oppsetninga har meir å hente. Ikkje at replikkane skal gå fortare isolert sett, men replikkane kunne somme stader henge meir ”i halen” på kvarande. Og fykinga i dørene kunne vore litt kjappare. Sjangeren og stykket krev dette. Likevel; kor mykje skal ein kunne krevje av ein drivande gjeng amatørar?

Her var speleglede og humør. Her var kulissar og kostyme som det skal vere. Her var vertskap på pubkaféen. Publikum storkosa seg i to timar, og låtten sat laust. Turnhallen i Måløy er eit kulturhus med sjel i veggane. Bygd på 20-talet – på same tid som stykket er skrive. Men gode tekstar og godt teater står seg over tid. Dei gode amatørane i Måløy fekk farsen om ”Den Spanske Flue” – også denne gongen – til å handle om det mest krevjande av alt; tilhøve mellom menneske.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *