Megger i vindstyrke 10

Meggene på scenekanten – eg stod bak bakteppet under framsyninga

Høyr radiokåseriet frå «back stage» 

Kva er ei scene? Jau, det er romet mellom scenekanten og bakteppet. Frå salen ser du framsyninga levert over scenekanten. Du kan klappe eller bue. Du kan gå stille ut, eller du kan gi ståande trampeklapp. Scenekanten er viktig. Men bakteppet er magisk. Revy-Meggene i Dale feira 10 år i helga. Dei serverte modne svisker frå tidlegare revyar sprita opp med nye ordførarsprell, bondebygda i frisk sidevind og Liv Signe i fri dressur. Under premièren lurte eg meg inn i det aller heilagaste sakrestiet. Bak bakteppet!

Leik og disiplin er merkeleg nok to sider av same sak. Når Meggene på scenen badar i lys og applaus – med lause puppar og falske tenner – så er det lett å tenkje at dette berre er improvisert tull og vas til lått og løye. Men bak scenen ser det annleis ut. Her er åletrangt mellom bakteppe og bakvegg. Her heng parykkar og glitterkjolar. Her heng hjelmane til anleggsgutta jamsides med sminkespegelen. Alt i sirleg orden og disiplinert rekkefylje.

Livet bak scenen kan delast i tre. Først: Den personlege disiplinen er herskande. Du må vite kva du skal. Og når. Omkledning i blinde på rekordfart. Liming av bart er ein eigen sport for Meggene. Lim på leppa. Barten på rett plass på første forsøk. Du har ikkje tid til å bomme. No er nabo-Megga midt i første vers, og du skal inn før refrenget.

Det andre er samarbeidet. Meggene gir medspelarane klåre teikn for: ”Eg er klar” eller ”Treng du hjelp?”. Det er herleg å sjå korleis dei arbeider for kvarandre og korleis dei lit på kvarandre. Dei kjenner kvarandre på godt og vondt. Tvers igjennom. Eg står i skumringa klistra opp i eit badekar bak scenen og lurer på korleis det må vere å ville spele seg inn på eit slikt lag. Eit slikt lag med Megger. Eg har heldigvis feil kjønn til å prøve på slikt. Men det må vere ekstremsport. Her er alle sjefar. Her er ikkje noko støttekompani som kler på deg eller ein inspisient som passar rekkefylgja eller ein sufflør som kviskrar deg gløymd tekst. Men Meggene dekker kvarandre som ein revolvargjeng på Westernfilm. Gløymer du noko, så får du garantert Meggehjelp. Lydlaust og umerkande.

Det tredje er støtte og varme. Når ei Megge leverer eit stornummer til lått og applaus i salen, så står resten av Megge-troppene bak scenen og strålar. Dei unner kvarandre så inderleg å lukkast med sine nummer. Dei veit kor viktig det er å spele kvarandre gode. Så det skal de vite, kjære pulikum, det er ikkje berre den som står på scenekanten som kjenner applausen. Bak bakteppet står Meggene og inhalerer stemninga i salen og låtten heilt frå bakarste rad.

Meggene er rause og gir av seg sjølv heile tida. Dei går rundt i pausen – utkledde i dei mest ekstreme kostyma sine – og byd på vin frå lause puppar og det som er enno meir intimt. Etter framsyninga menger Meggene seg med publikum. Dei får mangfaldig takk frå eit publikum som veit at denne gjengen er avgjerande for kulturlivet i deira bygd. Avgjerande for å løyse låtten på ein heimelaga revykveld. Dei fleste i publikum anar ikkje kor mykje arbeid som er lagt ned i Meggerevyen i 10 år på rad. Eller kanskje sit der ein ektemann i salen som veit meir enn dei fleste?

Eg har vore ”back stage” med Meggene under framsyning. Eg kan fortelje at bak bakteppet – der handlar det om dei viktigaste tinga i livet – viktigast når det røyner på. Bak bakteppet – og i livet elles – handlar det som sagt om den livsviktige kombinasjonen av personleg disiplin i trange rom, vilje til praktisk samarbeid og varm støtte til den som er i elden.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *