Eit songkor å sjå på

 

Mannekengar frå koret med gnist

Høyr kåseriet her

Fredag var det ”Kulturnatt i Nordfjord”. Nordfjordingane synte fram kvardagskulturen sin på tallause arrangement. Det var så mykje å velje i at kulturmeldaren vart svimmel. Då kom ein kulturmeldarkollega austafor meg til uventa hjelp. Han basunerte ut at 90 % av kulturen er bibliotek, korps og kor – medan kulturjournalistane skriv suverent mest om den siste 10-prosenten. Saka var avgjord. Eg slapp å snurre flasketuten peikar på. Songlaget i Hornindal skulle delta i kombinert kultursport. Dei skulle både syngje og opptre som mannekengar.

Blandakoret på bygda er limet i kulturlivet. Javel,seier du? Det kan låte litt ujamt, men dei stiller alltid opp. Alltid. Om alt anna sviktar, så har vi i alle fall koret. I Hornindal entra songlaget parketten til konsert. Konsert med piano. Men pianoet var ikkje trykkprøvt eller spela varmt. Her var det amatørismen og improvisasjonen som rådde grunnen. Konserten halta seg fram mot klimaks. Paradenummeret til slutt. Då synte det seg at pedalen på pianoet var defekt. Og utan pianopedal så datt nummeret ut, og i staden for paradenummer og ekstranummer så gjekk alt i oppløysing, og koret tusla seg av scenen rimeleg slukøyrte…..

Amatørar treng ikkje forfalle til amatørisme. Amatørar treng ikkje tøyse bort framsyningar med å vere dårleg førebudde. Nokre set slikt på kontoen for å vere ”folkeleg”. Ikkje eg. Du må vere førebudd for å vere ”folkeleg”. Er du ikkje godt nok førebudd på det nivået du opererer, så er det ”slendrian”. Meiner eg. Punktum.

Men så dalar engelen ned – sjølv om ikkje dette var julekonsert. Som himmelsendt er pianoreparatøren på plass. Han er nevenyttig og teknisk, og vips der trillar han pianoet inn att på scenen. Pianopedalen har brått funne att haustforma. Programleiaren ropar opp att koret. Vi skal få sluttnummer med full gass og pedalen i bånn. Ny von. Redninga er nær. Då syner det seg at ”bassane” er reiste heim. Dei let seg ikkje kalle tilbake. Kanskje har dei slege av mobilane for å ikkje verte dregne inn i mannekengoppvisninga? Kva veit eg? Eg veit at vi aldri fekk glansnummeret denne kvelden. Eg veit at dette var kvelden der koret gjorde sine beste nummer som – ja nettopp – mannekengar.

Dansegolvet på Raftevoll Hotell vert omskapt til Cat Walk. Her er klede og vesker. Her er snertne damer og staute karar. Nokre har fart og driv i framsyningane som om dei representerar motehusa i sine yrke til dagen. Andre er tydelegvis på Cat Walken for fyrste gong i livet. Usikre, ja vel, men likevel konsentrerte og førebudde. Ikkje alltid i like elegant takt, men likevel ærleg tilstades med kropp og sjel i ny rolle. Med sin usikre sjarm. Korsongarar som er villig til å presse seg sjølve på nye og uvande arenaer. Slikt står respekt av!

Dette var kvelden der ein defekt pianopedal torpederte glansnummeret, og der pianoreparatøren først fekk sving på sakene etter at bassane var reist heim. Dette var kvelden der mannekengframsyninga tok så mykje merksemd for koret at dei musikalske førebuingane datt i dungen. Som ein skjebnens ironi song koret «we vill meet again» – vi møtest igjen….  Ja, ja. Eg ber ikkje nag. Eg møter gjerne igjen på Kulturnatt i Hornindal. Men dette var kvelden der songkoret var mest til å sjå på.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *