Kunstnarsveitte frå Jens Hauge

Utstillinga føreligg også i bokform

Høyr radiopraten

Jens Hauge opna sist helg stor fotoutstilling på Kunstmuséet i Førde. Fotografen frå Lærdal syner oss kunstfoto frå 1970 og fram til i dag – om menneske og natur. Om menneske som brukar naturen slik at spora synest i kulturlandskapet. Han syner oss eit breitt spekter frå sylskarpe svartkvitt bilete til dei nye fargebileta der han fangar stemningar og landskap gjennom speglande vindauge på ein buss.

Gjennomtenkte komposisjonar pregar utstillinga. Om det er eit dyr som sleikjer seg eller om motivet er ei fugleskræmsel i landskapet, så fangar Hauge sjølve skulpturen. Om det er einebuskar i landskap frå Lærdal eller oppstilte figurar med maske, så skin arbeidsinnsatsen til fotografen igjennom. Om det er leikehytter, kvisthaugar eller vassjuke beitemarker med tuver av sølvbunke – så er Hauge sikker i bruk av lys og linjer og alt frå sylskarpe fokus til gjennomsiktige skuggar. Her ligg idéar bak bileta og Hauge er ikkje guten som slurvar med handverket.

Hauge har fotografert i 40 år med drivande teknisk utvikling. Frå ei tid der ”bileta aldri laug” og negativen var fasiten, til vår moderne datateknikk der bileta kan manipulerast med all slags ”fusk og fanteri”. Jens Hauge meistrar overgangane.

I det nyaste fotoprosjektet hans fangar han verda gjennom eit bussvindauge. Her vert bilete lagt lagvis og med speglingar – reine fotomagien. Motiva er kvardagslege og konkrete, men samstundes vert vi invitert inn i ei fantasiverd. Konkret og attkjennande kvardag, men likevel prega av leikande surrealisme.

Jens Hauge treff dobbel blink. Han er eksperimenterande og han utfordrar deg som sjåar. Men samstundes er han jordnær i val av motiv. Han framkallar minna dine frå barndomen og han minner deg på at du kanskje aldri ser samfunnet så klart som gjennom ei halvt speglande bussrute?

Store format på vegg og små format i bok. Jens Hauge leverer fotokunsten sin i to format. Fotografia på veggane er i format ”X-tra STOR”. I tillegg har Ingrid Norum gitt ut utstillinga i bokform på Skald Forlag. Her er innsiktsfulle tekstar stokka inn mellom bileta. Ei velskriva bok for deg som vil lære meir om Jens Hauge og om fotokunst. Eller for deg som rett og slett vil ha med utstillinga heim att – i bokform.

”Intet tilfeldig”. Utstillinga har eit overveldande format. Fotografen er langt meir stillfarande. Det nye Kunstmuséet har dimensjonar som yter rettferd til Hauge sin fotokunst dei siste 40 åra. Men det som imponerer meg mest er arbeidsinnsatsen hans. Utstillinga osar av kunstnarsveitte. Utstillinga lyser av arbeidsinnsats bak idéar og solid handverk. Utstillinga syner oss ein kunstnar som ikkje gir seg før han er i mål. Jens Hauge er ein petimeter som leitar og ryddar i kunstverka sine. Eg nyt å sjå ei utstilling som det ligg så mykje arbeid bak. Ei utstilling der det halvgode er reinska bort. Ei utstilling som strekker seg etter det kunstnarlege honnørordtaket: ”Intet er tilfeldig til stede”!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *