”Det lykkelige valg”

 

Hilmar Eliassen forkynte Jakobsbrevet

Høyr kåseriet her

I helga var eg for fyrste gong i livet på Høgre-møte. Eg skulle fylgje dramaet i kampen om Stortingsnominasjonen i fylkes-Høgre. Teppet gjekk opp for siste akt. Viss du trur at det høgste dramaet for ein gjennomsnitts politikar vert spela på valnatta, så trur du skammeleg feil. Ingenting kan måle seg med eit nominasjonsmøte. Då er det dei som i utgangspunktet er einige som skal kjempe om makt og taburettar. Det er på høgde med eit middels juleselskap i ein maktglad storfamilie.

Vertskapet hadde ordna med kjøkemeister i meisterklasse. Den gamle sorenskrivar Bjarte Eikeset fekk kjømeisterbjølla hengd om halsen, og Eikeseten kan meir enn å administrere lover og strie partar. Han er ein drivande historieforteljar, og stod for dei humoristiske høgdepunkta på møtet. Fylkesleiar og fylkessekretær hadde gitt opp plassane sine på stortingslista og sprang rundt som handhelsarar. Velkomstane var så hjartelege at eg fort ana at her skulle det kome svidd hovudrett med bismak – før ein kunne kaste seg over desserten.     

Det er sjeldan vare i eit famileselskap, at fyrste talar legg seg paddeflat utover matbordet. Men Vidar Grønnevik – det alvorlege slektsoverhode frå Florøklanen – gjekk heilt ned i Liv Signe posisjon. Han starta bordseta med eit blytungt vitnesbyrd, der bråket i Florø Høgre vart beklaga utan atterhald. Det var synd og skam at dei ikkje hadde oppført seg som anstendig Høgreslekt skal gjere. Bot og betring vart lova med skjelvande overleppe. Men dette var berre opptakta.

Dramaet bygde seg opp. Ville den forsmådde Jakob Nødseth kome buldrande inn døra og gripe ordet? Jakoben som er vara for Bjørn Lødemel på Stortinget – og som nett er kasta frå vervet som reserveordførar i Florø – er i sitt ungdommelege overmod truande til kva som helst.  Men den ustyrlege konfirmanten valde om mogeleg eit enno meir dramatisk grep. Han hadde sendt telegram. Det var Hilmar Eliassen frå Florø som forkynte Jakobsbrevet. Der trekker Jakoben seg frå heile Stortingsnominasjonen og stemplar nominasjonsprosessen til å vere på grensa til det parodiske. Eliassen svel og tek mange pausar  … som om han redigerer bort dei grovaste utbrota til Jakoben undervegs.

So vert det stilt. Så stilt at ein kan høyre Høgrehjarta slå i utakt. Viss Tarjei Vesaas skulle dikte denne stille stunda, ville han brukt berre eitt ord: ”Togn”. Olav Duun ville vel sitert seg sjølv: ”Dei sat og tagde”. Ingenting er så dramatisk i teatret som talande teiing. Ingen vakna før kjømeister Eikeset rista på hovudet, og dermed kima bordseta vidare med bjølla si. 

Spenninga er no utlada. Alt som skal seiast er sagt. Dei kan geispande putte inn på lista ein nybakt lottomillionær frå Førde i staden for ein av familiens eldste. Dei kan ete, og humre forsiktig og danna til kjømeisteren sin kjappe kjeft. Dei kan nyte desserten medan dei smiler over at radioen melder høgtrykk og Høgrevind.  Men nokre sit og er lei seg for at Jakoben aldri tok tukt. Kvifor måtte han forsvare Førde sentralsjukehus frå Stortingets talarstol? Kunne han ikkje berre krevje meir pengar til Oljebasen eller til ein stubb Kystveg? Korleis kunne han tillate seg å tru at det nedlagde sjukehuset i Florø berre er ein bygning som kan seljast på fri marknad? Kvifor kunne han aldri lære seg å lye vaksne folk?

Dramaet om Jakob fekk si utløysing ved at kronprinsen ved forrige nominasjon denne gongen vart kasta loddrett ut. Han hadde stroke til konfirmasjon og møtte ikkje i juleselskapet. Eg som berre hadde vore ein ubeden gjest nedst ved bordet tusla meg ut. Eg tenkte at Rudolf Nilsen sine ord også gjeld i politikken: ”Intet er mer som skrift i sand, enn løfter om kjærlighet.”

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *