Alternativ messe

Indianaren lettar på fjøra

Høyr kåseriet frå Alternativ Messe

Søndag var eg på Alternativ Messe i Florø. Kva ”alternativ” betyr? Truleg alternativ til Statskyrkja og skulemedisinen. Litt rart å reise på slikt for meg – ein heidning som aldri har vore sjuk – med eit pilleforbruk nesten under null. Eg troppa opp i beste kyrkjetid – både for høgmesse og alternativ messe. Frammøtet var skrantande, og ein kan lure på om TV-programmet ”Folkeopplysningen” har skræmt vatnet av publikum.

Messa var organisert nett so på bedehuset. Det var storsalen for hovudmøta. Det var Lisjesalane der det var meir intimt sitjande i ring – i kjellaren. Og det var personlege vitnesbyrd meir ein til ein – ein healar og ein søkjande – over skrankane i sjølve messehallen. Ein livs levande indianar hadde konsert i storsalen, men allsongen låg laaangt tilbake for nivået på eit middels bedehus.

Eg streta rett inn i Storsalen til Healar-føredrag. Der var so lite folk at det vart nesten messefall, men brått vart healeren teken av «universets krefter» – som ho sa – og ført fram til preikestolen. Ho fortalde levande – om enn usamanhengande – om livet sitt og uforklarlege hendingar i liva våre. Vi hadde alle ”fylgjarar og hjelparar” med oss – kunne ho fortelje – og det var stort sett daude, nære slektningar. Ho såg fyrst på meg. Eg var særs interessant, sa ho, og det trur eg nok, sidan eg var den einaste einslege herren i ein flokk damer. Ho såg skuggen av ei dame bak meg, og let det vere liten tvil om at det var enten mamma mi eller mormor frå det hinsidige. Ho prøvde å beskrive dei, men det var loddrett feil alt i hop. Då gjekk ho på reservesporet og brått kunne ho skilte med at heile slekta mi av daudningar fylte romet. På to geledd – farside og morside – og det tydde brått at det var eg som vart hovudpersonen. Måten dei stod på tydde at eg nærma meg eit stort skifte i livet. Mamma og mormor var gløymde. No var eg brått i sentrum med mine sprikande og utydelege signal.

Damene i forsamlinga kom lettare til det. Dei fekk hinsidig kontakt på flekken, og trøyst og råd attepå: ”Ta vare på deg sjølv og slå gjerne til med ein spontan Sydentur.” Det hadde dei fortent, meinte ho.

Bognande kakebord og stri lukt av kaffi minner om mitt barndoms bedehus. Men inne i messehallen skjønar eg at eg er på vitjing hjå nye sekter. Dampen av røykelse ligg tjukk om salsbodene. På standsa kan det kjøpast alt slags viddunderkurar av salvar, te og dropar, – og 20 minutt personleg terapi kostar hundrevis av kroner. Indianaren har eige spisstelt. Medan det på bedehusa i min barndom vart samla inn pengar til heidningemisjonen, så stakk den personlege healaren her pengene rett i eiga lomme. Pengande frå den som søkjer tru og trøyst.

På bedehusa var det ekstra gjevt når det var ein nyfrelst eller helst ein tørrlagt alkoholikar som forkynte. Ein slik hadde dei på Alternativ Messe også. Den kjende og utbrende Stand UP-komikaren Jon Schau har skifta menigheit. Frå humorfolket til dei alternative. Han var ein drivande talar – om bodskapen var i skodda. Eg gjekk frå møtet hans etter ein time. Då hadde eg ikkje helse til meir.

På veg heim kjende eg litt irritasjon over at alternativfolka lurer høge prisar av trengjande som søkjer helse og frelse. Men då eg passerte Sunnfjordkatedralen i Naustdal roa eg meg. Herregud, Hans Jakob, tenk på alt du betalar over skattesettelen. Og forresten: Kundane på messa får minst like mykje att for dette som når eg kostar på med Leonard Cohen konsert i Bergen eller Hødd sitt cupeventyr på Ullevål. Eg skamma med litt inn langs fjorden og lyt motvillig gje altenativfolka honnør for at dei er flinke ”å sjå” folk og flinke å vise omsorg. Eg undrast på om Statskyrkja og Helsevesenet er like gode? Eg veit ikkje, for eg har ikkje vitja dei på årevis.

Eg tek til å verte i godlune når eg nærmar meg Førde. Det er berre ein ting som gneg. Gneg kraftig! Ho healaren skulda meg – venleg men bestemt – for å vere ein stribukk som gav ho lite. Derfor kjem eg heim med inkje. Men til dei slitne damene skreiv ho ut healar-reseptar på Sydenturar over ein lav sko.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *