Ompa og Opera

Sterkt operaensembel - publikum storkosa seg

Høyr kåserietSjå bilete på OperaenSjå bilete frå Oktoberfesten

Det var kulturhelg i spagaten i Nordfjord. Madama Butterfly av Puccini på Nordfjordeid. Oktoberfest i sirkustelt i Stryn. Sjølvbildet mitt om å vere kulturelt altetande gav meg ikkje noko val. Eg måtte sleve i meg begge.

Madama Butterfly føregår mellom japanske papirgardiner med utsøkt lyssetjing. Den japanske ungjenta Butterfly vert både bortgift til og sviken av ein amerikansk marineoffiser. Buttefly svingar også kniven til full musikk i sluttscena. Musikalsk strålande, men i regien hakkar det litt. Det vert i periodar stilleståande, og den japanske stemninga vart nedtona i meste laget. Kanskje Operaen bør spørje seg om det er lurt å la same person både vere regissør og musikalsk leiar – om han aldri så mykje heiter Michael Pavelich?

Oktoberfesten i Stryn er også importvare. Det luktar Tyskland og smakar Tyrol. Her er opptog i handelsgata og ompa-musikk i sirkusteltet. Det kryr av jenter i bondepikedrakter og gutar i skinnbukser og Tyrolarhattar. Dei leikar med høg Harryfaktor og den som ikkje har bonsk sjølvironi på bygda sine vegne, kan hute seg austom fjella denne helga. I dag er det måndag, og bartane er borte, og alle kan trygt kome heim att. Eg gled meg over ompafesten. Eg gled med over Butterfly. Men eg lovar dykk: Kombinasjonen er uslåeleg. Høyr berre:

Musikk: På Eid er det smakfullt med kor og solistar – ariar og orkester. I Stryn rautar publikum at ”Du burde kjøpe deg ein Tyrolerhatt” framfor scenekanten.

Tekst: På Eid var det forferdeleg vanskeleg å oppfatte teksten. Trøysta må vere at det seinkveldes på dans i Stryn – der var det enno verre.

Hus: På Eid er det lys vandrehall og stolar i raud plysj i eige operahus. I Stryn sjanglar dei rundt som klovnar i eit innleigt sirkustelt.

Drikke: På Eid nippar dei forsiktig i raudvinsglaset i pausen, medan dei i Stryn drikk øl av seidlar så store som muggar.

Antrekk: På Eid kjem dei i premièregalla. I Stryn møter dei i sivil med solide innslag av bondepikedrakter og skinnbukser.

Ordførarar: På Eid står han i dress i scenelyset og deler ut overdådig blomsterbukett. I Stryn leier han rundt på ein gamp i opptoget – ikledd kjede og tyrollerhatt og – etter eige utsagn – pistrete bart.

Honorære besøk: På Eid kan du ikkje stige utan å trekke bort i dei fremse fylkekvinner og fylkesmenn. Her kan du ”se og bli sett”, og snuble i gjestande ordførarar med representasjonskonto. I Stryn må ordføraren leie hingsten i opptoget åleine. Men han er omkransa av dei som har vald han.

Stil: På Eid er det forfina med forsiktig paryme frå Bjørvika og Milano. I Stryn dyrkar dei sjølvironien og det dampar fyll.

Og til slutt i klassen for tragiske dødsfall: På Eid var det lite blod for opera å vere. I år var det berre eitt mord på scenen. I Stryn overlevde alle!

Tyskland og Tyrol i sirkusteltet i Stryn

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *