Sirkus på teatret

Helge Jordal. Foto: Olav Reiakvam  Type: ?????  Størrelse: 2,8 MB.  Dimensjoner: 3592 x 5388  Opplastet: 24.09.2012 09:58:34

Helge Jordal er klovn – Foto: Olav Reiakvam

Høyr klippet

”Sirkus Saragossa” hadde urpremière torsdag. Eg var på generalprøva kvelden før. Det er duka for fylkesturné – og meir til – for ei stor familieframsyning på Sogn og Fjordane teater. Teksten av Camille Hübbe og regien til Arvid Ones hektar store og små frå start.

Elvis er son til sirkusdirektøren. Sirkusdirektøren sel sirkuset sitt, og flyttar med familien til ein liten og ukjend by. Elvis skal gå på skule for første gong og opplever kulturkrasj. Naboane synest at den tilflytta sirkusfamilien er rare og spenningar oppstår.

Det sterkaste med ”Sirkus Saragossa” er at du kan ta til deg teatret på mange plan. 

– Her er ellevilt trylleri og jøgling til å le av. Her er ”nifse” spøkelse og spenning.

– Her er attkjennande og godt spel om tilhøvet mellom folk i familiar, i venskap og i kjærleik som oppstår.

– For den som lystar kan ein lett veve inn alvorlege tema i bakteppet – om flytting og rotløyse, om inn- og utvandring, om kulturskilnader og om kor viktig det er å gi kvarandre ”ein sjanse til”. Men det er heldigvis ikkje dette påtrengande politisk korrekt 70-talsteater.     

Sjølve teaterstykket står på tre bein. Ein god og stram regi, ein funksjonell scenografi på hallande golv og skapeleg gjennomførte sirkustriks. Regien, scenografien og sirkustriksa er knadde godt i hop og fungerer som heilskap. Vi må hugse at tryllinga vert gjennomført av vanlege skodespelarar – ikkje av proffe tryllekunstnarar. Eg synest at trylleria funkar godt, og dei hevar framsyninga. Vi opplever magi på scenen. Klovnen er spela av Helge Jordal, og han er langt på veg proff sirkusklovn. Helge Jordal er sjefen for ein jamt godt skodespelarlag der skodisane står særs godt til rollane. Dette er verkeleg sirkus på teater!

Skal eg finsikte etter svakheiter, så må det vere at figurane i stykket får liten sjanse til å utvikle seg. Dei fleste figurane endrar seg lite i løpet av stykket. Dette gjer at sjølve handlinga i stykket framstår litt meir stilleståande enn den kunne ha vore med meir utvikling av karakterane undervegs.

Oppsummert: ”Sirkus Saragossa” er eit drivande og morosamt stykke for folk i alle aldrar. Publikum kosa seg. Kanskje spesielt for 6-12-åringar som dreg med seg vaksne på teater. Her kan store og små ta initiativ til ei felles teateroppleving på tvers av generasjonar. Dette er definitivt teater for dei som likar teatereffektar og sirkus for open scene.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *