Gamle sanningar på kjøkenbenken

Kven skal ta oppvasken?

Høyr radiopraten om boka

Olaug Nilsen frå Førde busett i Bergen har gitt ut boka ”Kjøkenbenkrealisme” på Samlaget. Ei bok om småbarnsforeldre i tidsklemma. Boka bygger på mange historier med ulike utgangspunkt om korleis folk organiserer småbarnlivet sitt opp mot jobb og karriere. Samtalar med flest kvinner, ja vel, men også menn.

Nilsen observerer og formidlar godt. Vi får attkjennande historier om dårleg samvet, somnløyse og spysjuke. Om samfunnet sitt press for å få barn og press på kvinner til å svare ja på utfordringar. Om kakebakst, karriere og kontantstøtte. Om forventningar til lukke og fin fasade. Om økonomi og pensjonspoeng. Om skam ved kjøpt av husvask og velkjende kjønnsskilnader. Om valfridom som likevel ikkje gir frie val. Boka fungerer som ei debattbok om korleis samfunnet organiserer avl og omsorg for småbarn i ei tid der krav til økonomi og ynskje om karriere utfordrar den vesle og sårbare eininga – familien. Utforfrar familien i ei tid der 50 år gamle ”husmorideal” er økonomisk og kulturelt umoglege.

Som gamal raddis og med røynsle frå oppfostring av tre småborn spør eg meg: Kva er nytt i denne boka? Eg svarar: Fint lite. Boka er velskriven og aktuell – ja vel – , men kvifor gir Samlaget ut ei slik bok i haust? Det vert eg ikkje klok på. Eg ser at enkelte i debatten alt før utgjevinga av boka lurte på om den vil verke provoserande. Eg tvilar sterkt på det. Her er lite provoserande nytt. ”Kontantstøttekameratane” vil nok finne støtte for sitt syn, medan ”yrkes- og karrierefeministane” vil krevje betre tilrettelegging frå stat og næringsliv.

Boka fortener honnør fordi den skriv om oppfostring av småbarn utan å forfalle til idyllisering. Boka reindyrkar utfordringane.

Forfattaren sine eigne røynsler er også ein styrke for boka. Når Olaug Nilsen fortel om sine prioriteringar kjem vi nærare på emnet, og forteljinga vert meir intens. Røynslene hennar frå småbarnsfamilie og forfattarkarriere er godt formulert. Vi får her eit innsyn i ein familie som får ei ekstra utfordring ved at eit av borna deira får diagnose.

Eg går tilbake til utgangspunktet for boka. Forordet startar slik: ”Alle veit at småbornsfamiliar har det travelt,…”. Det er krevjande å skrive nytt og spennande om det ”alle veit”. Forfattaren slår også fast at familiepolitiske diskusjonar ofte er polariserte: ”Anten vil du vere husmor på heiltid, eller så ofrar du barna for eit umenneskeleg karrierejag.” God spissformulering, men stemmer det? Mi erfaring er at folk snikrar til sine kompromiss meir nyansert enn som så.

Oppsummert: Ei velskriven bok om eit viktig emne i samfunnet. Boka er sterkast der forfattaren formidlar eigne røynsler. Men likevel: Denne boka tilfører debatten lite nytt. Kjøkenbenkrealisme – opplagt. Men dette er gammal vin på nye flasker – om dei aldri så mykje er tappa på ein kjøkenbenk!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *