Blodig dolk og raud truse på Åmot

 

Romantikk og svik på Åmot

Høyr radioklippet her – Foto over er av Geir Birkeland

Torsdag kveld var det operapremière i høystålet på Åmot Operagard i Gaular. Orlando av Händel stod på plakaten. Handlinga er flytta frå 800-talet i orginalen til Sunnfjord i vår tid med gardsturisme og laksefiske. Fem italienarar av ymse kjønn og legning slår seg til på plenen i to telt og ei hengekøye. Kjærleik og fest, svik og sjalusi. Trekantdramaet – eller var det firkant? – utviklar seg, og mot slutten ligg dei strødde etter ei salig blanding av mord og sjølvmord. Altså: Opera ”as usual”! Slutten er ubetaleleg og så overraskande at eg ikkje skal skrive meir om den her.

Scenografien funkar godt: To telt på plenen mellom grindverket på låven. Publikum sit på begge sider med scenen i midten. Her er operaen tett på. Intimt på scenen. Intimt rundt scenen. Lysetjinga er meir proff enn vi ofte ser på Åmot. God lyssetjing set stemning. Godt!

Fem røyster syng italiensk og ein nynorsk skodis. Dei fem songrollene er godt ”kledde”. Eg skal ikkje skryte på meg dei mest finstilte øyrene, men dette songlaget var fyrsteklasses. I tillegg til songkvalitetane synte dei også svært så bra skodespel. Det uventa set ofte spiss på arrangementet. Dei hadde hyra inn skodespelaren Morten Espeland som framførte Maria Tryti Vennerød sine nye og gode mellomtekstar. Dette batt saman historia på ein fin måte – særleg for oss som slit med italiensken. Eit godt regigrep av Erlend Samnøen. Særleg viktig i denne operaen der det ”haglar” av solosong utan særleg mange dramatiske duettar. Då gjorde det seg med ein samanbindande skodis med god tekst. Orkesteret var solid og godt avstemt til høystålet.

Åmot hadde reklamert med medverknad av Bygstadrevyen. Denne vart overraskande liten, men dei to statistane og den vesle selskapshunden beit godt frå seg. Amatørane hadde nok ramla for regissøren sin skarpe kniv. Dette er til å forstå, for framsyninga varte innpå tre timar med pause. Då var folk svoltne og tyste og det vart middag å få. For på Operagarden i Gaular er det ikkje berre opera. Det skal etast og drikkast også. Vertskapet er i særklasse, og det er lett å forstå at Åmotgutane er grossistar i reiselivsprisar. Ikkje mykje å setje fingeren på denne augustkvelden.

Operapublikumet på Åmot er på sett og vis smalt. Når offisielle og halvoffisielle skal ha plass saman med presse og representantar for sponsorat og dei næraste støttespelarane og venene, så vert det lite plass til vanleg betalande publikum på den vesle operalåven. Det vert ein Sunnfjordvariant av ”se og bli sett”-publikum. Vel heime under bloggkladdinga kastar eg eit halvt auge på Kveldsnytt. Der er Oslofiffen på visning av Kontikifilmen om Thor Heyerdahl. Hm. Då vart brått Orlandopublikumet berre ei lett blanding av lokale kulturbygdisar pluss skodisbergensaren Helge Jordal – som i det daglege øver inn stykke på bygdeteatret vår – Sogn og Fjordane Teater.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Blodig dolk og raud truse på Åmot

  1. Ole Johannes Øvretveit sier:

    Litt trist at NRK, som er Norges rikaste medieaktør, må bruke reklamefoto promotert av arrangøren, i staden for å sende eigen fotograf. Bildet er ikkje ein gong frå ei forestilling.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *