Bystien – ein skulptur å leike i

Skulpturen "Bystien" startar i Langebruvegen. Her er trappene nede. Når lyssetjinga er klar til toppen vert den 700 meter høge skulpturen det nye byvåpenet i Førde.

Høyr kåseriet – Nede på bloggen ser du utsikta frå trappene

Motbakkeløpet ”Førde Opp” fekk folk til å sveitte seg opp ”Bystien” i Førde sentrum. Om ”Førde Opp” kan det syngast ut: Sveitte og skodde. Motbakke og myr. Urban utsikt. Frå toppen. I rusen etter løpet vart det ropa om ”det beste løpet i Norge” og om ”folkehelsa”. Kjekt å høyre på, men like fullt: Berre tullprat. Dei aller fleste av oss kan stå på eitt bein med attlatne auge og ramse opp ti motbakkar som langt overgår Hafstadfjellet i Førde. Tenk på Skåla, Storehesten, Fanaråken ……. Som motbakkeløp vil ”Førde Opp” knapt nå dei store til fjellfoten, men likevel: Førde er i ferd med å få sin største attraksjon. Eg tenkjer på sjølve stien: ”Bystien”. Eg trur denne 700 meter høge skulpturen vert det nye byvåpenet.

Namnet må vere ”Bystien”. Eg høyrer at nokre som er sprenglærde på stadnamn ordar frampå om ”Hafstadkleiva”. På folkemunne døyper humoristane den nye råsa for ”Lundeskaret” etter styreleiar for Bystien – Jon Helge Lunde. Fornøyeleg, men ”Bystien” må heite ”Bystien”. ”Bystien” knyter seg diekte til krysset der E39 kryssar Langebruvegen. Denne aksen fører oss over Langebrua – bygd av den framsynte kjøpmann Lange i 1830-åra og vidare til Lyskrysset i gamle Meierikrysset – det første Lyskrysset i fylket – symbolet for MØTEPLASS i bilbyen Førde. Lenger nord endar denne aksen i Sjøahola – der dei første handelsbuene låg for meir enn 400 år sidan.  

Lyden av livet i byen fyl oss heilt til topps. ”Bystien” må heite ”Bystien”. Dette er den einaste plassen du kan gå rett ut i naturen, og nyte lyden av byen heilt til fjells. Lyd og larm av næring og trafikk. Dette er ”Bystien”. Fuglekvitter, båreskvalp og sus i tretoppane kan nytast alle andre stader i dette grisgrende fylket.

”Bystien” vert ein vakker skulptur. Eg gled meg til neste haust når vi kan nyte ”Bystien” ferdig lyssett. Av og til vil han forsvinne i skodda, men vi veit at ”Bystien” går heilt til toppen på det heilage Hafstadfjellet.

”Bystien” vil gje oss myter og dermed identitet. Noko så sjeldan som Førdeidentitet. Laurdag gjekk mange på ”Bystien”. Oppover. Dei mest ”rettruande” treningsnarkomane har stått fram på Facebook og i Bystiavisa Firda. Som på Jesu tid kasta dei krykker og rullestolar før dei tok fatt på den nye vegen til Himmels. ”Bystien”.  Men ”Bystien” nedover gir langt større religiøst potensiale. Tenk når alle utdrikningslaga kjem peisande nedover på akebrett og alle slags bryllaupssledar? Tenk når det vert arrangert uhøgtidelege sykkelløp nedover om natta med trapper på slutten og målgang vinkelrett inn på E39? Her sikrar vi tilstrekkeleg skogrydding langs ”Bystien” og kundegrunnlaget for Sentralsjukehuset i same slengen. Tenk på alle dei gode historiene vi vil få om Førde og ”Bystien”. Ein skulptur til å leike seg i …..sjølv om den helst burde vore bittelitt brattare! 

”Bystien” har to divisjonar. Den lågaste divisjonen når du allereie på toppen av dei nedste trappene; eit fint utsiktspunkt nær Førde sentrum. Men det trengst at ”Dagmar 2” kjem og røskar med seg eit granfelt slik at også fjorden vert synleg herifrå.

”Bystien” er unyttig og dyr. Vi hadde nok turstigar i Sunnfjord. ”Bystien” vert den fjerde råsa til Hafstadfjellet. Den gir ikkje betre folkehelse. ”Bystien” er unødvendig og svindyr. Men her ligg også det geniale. Vi ser skulpturen frå byen. Vi leikar oss i den oppover og nedover. Ja, sjølv namnet er by-jålete. ”Bystien” er myteskapande og svindyr. Vi syner oss sjølve og gjestene våre at vi har råd til ein skulptur til sju millionar kroner. Talet sju er eit heilag tal. Førde har det unike. Førde har ”Bystien”.

"Bystien" kjem ned på Langebrua. Her har vore fem bruer i 180 år. Vi ser også Lyskrysset. Det første Lyskrysset i fylket. Bak under fjellet skimtar du Sjøahola - det første handelssentret i Førde for over 400 år sidan. Jau, "Bystien" kjem ned midt i byen!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *