Anne Viken i fri dressur

Anne Viken med hesteroman for store born

Høyr radiomeldinga her

Anne Viken i fri dressur. Anne Viken må vere eit arbeidsjarn. Ho flyg over skjermen som refsande samfunnsdebattant og bloggar hemningslaust om alt frå dyrevern til utkantskultur. Ho er veterinæren som leverer masteroppgåve i statsvitskap samsundes som ho debuterer på Samlaget med ein roman for store born: ”Elise og mysteriet med dei daude hestane”. Ei spennande bok om den hestekjære Elise på 13 som har sommarjobb som assistent til dyrlegeonkel Kalle.

Sjangeren er ein slags spennings- og eventyrroman. Boka skruar seg opp frå vanleg veterinærpraksis til å vikle seg inn i blodige krimplott med overtonar frå eldgamle ritual om hesteofring. Sidan gamlepresten og kyrkjekunsten spelar inn, så kan vel ”hesteteologi” vere eit stikkord for boka som kviler på magiske ritual og eventyr. Uansett: Boka byd på ekte spenning fram mot den dramatiske slutten.

Bygdesosiologi og dyrevelferd står sentralt i bygdeveterinæren sin kvardag. Typane og klasseskilja på bygda vert teikna i klåre bilete. Ja, nesten som karikaturar. Men likevel attkjennande og fornøyeleg. Og dei klåre innspela om dyrevelferd og landbrukspolitikk er som klipt or forfattaren sin blogg i det sivile liv. Her er bileta teikna i svart-kvitt på vanleg Viken-vis. Men bevares: Dette er ein roman for dei frå 9-13, og då må det kunne forsvarast at ”personar og saksframstillingar” vert litt eindimensjonale.

Språket og barneboklogikken er litt haltande. Det er Elise på 13 si røyst vi høyrer. Oftast er ho litt naiv og språket kan verte oppkonstruert og blomstrande. Av og til vert språket hennar intellektuelt som frå ein utdanna vaksen. Denne variasjonen forvirrar meg litt, men ok – kanskje ein veslevaksen 13-åring kan vere truverdig med dette språklege spennet? Utover denne ”spagaten” synest eg at språket i boka flyt lett, og at forteljarspråket er på sitt beste i dei mest drivande og spennande avsnitta.

Anne Viken er ein debutant som ikkje gjer det lett for seg sjølv. Ho fleskar til med ein roman for store born. Ein krevjande sjanger. Eg synest at hovudpersonen Elise fungerer bra som ein slags kryssing av hestegal pubertetsjente og ei lett utgåve av superjenta Pippi Langstrømpe. Anne Viken sin styrke er at ho veit kva ho skriv om. Ho er på sikker biologisk grunn som veterinær, og bygdejenta frå Gaular kan skildre både bygdetypar og natur. Ho er også tøff nok til å gå inn i fantasiverda med religiøse ritual, og ho greier å få dette til å ende i ein spennande miks. Å lage spenning er ein krevjande sport som Viken kjem vel ifrå. Eg trur at boka vil fenge målgruppa, og eg innrømmer villig at eg let meg rive med i den spennande slutten.

Neste bok? Anne Viken fortel oss på sosiale nettstader at ho alt har sikra seg forlagskontrakt for neste bok. Ei bok for vaksne. Eg er spent på sjangeren, og eg vonar på ei spenningsbok. Debutboka hennar gjer at eg gled meg til nummer to.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *