Nytt publikum på festival?

Topptur med topp konsert på Førdefestivalen

Høyr radiopraten

Kjekt med Førdefestival. I år peikar eg meg ut eitt seminar og fire konsertar. Seminaret fyrst. Om korleis vi skal få nytt publikum inn på kulturarrangementa under overskrifta: ”Inn med publikum og ut med fordomane”. Stort sett ein lovsong over at vi vil ha nytt publikum, ja så flunkande nytt publikum at vi til og med toler raping i operasalen. Men det er pokker så krevjande, sukkar foredragshaldarane, det er stabilt 10% av folket som brukar dei smale kulturutrykka som teater, klassiske konsertar og opera. Heldigvis er det ikkje berre forskarar og teoretikarar til stades: Det er befriande når Ole Hamre fortel oss kor enkelt det er ”å berre gjere det!” Ole H er bergensar som har laga ”folkofon” med røyster og video av folket som solonummer til ”filleharmonien”- og han har laga ”fargespel” med born frå flyktningemottaka våre. Eg vart inspirert til å teste tre arrangement på festivalen som truleg jakta på nytt festivalpublikum. 

Turlaget. Dei to første er barnekonsert i utmarka og konsert på toppen av Hafstadfjellet i samarbeid med Turlaget. Barnekonserten i utmarka både høyrest og ser ut som barnekonsertar på folkemusikkfestivalen brukar å sjå ut. Neppe det store nye publikumet her, men folket kosar seg med felspelteater, grilling og bading.

På toppen av Hafstadfjellet er det konsert på laurdag. Eg er spent på om det er turfolket som går på konsert eller om det er konsertfolket som går på tur. Inntrykket er blanda, men eg er overtydd om at det i hovudsak var konsertfolket som går på tur. Det ser eg det på måten dei kjem til fjells. Konserten vert utsett fordi vi må vente på baktroppen (les konsertfolket). Ingenting gale i det, men det var neppe ei vesentleg utviding av publikumsgrunnlaget. Men dette var første året, og det kan utvikle seg etter som ryktet går.

Blåtur med ”Godsruta”. Ein sær konsert som berre tek ei busslast publikum med på konserttur. Også her er det flest av det trufaste festivalpublikumet som ville ha ein ny type konsertoppleving. NRK sin reporter finn likevel ein deltakar med Godsruta som var festivaldebuttant. Han hadde i tillegg stor sans for veteranbussar, og han har plukka denne turen ”på den smale veg” ut som ein klar vinnar på festivalprogrammet!

Pulikumsbygging tek tid. Eg gir festivalen honnør for å gjere nye grep, sjølv om det på kort sikt gir lite nytt publikum. Hovudeffekten på kort sikt er nok kjekke og nye arenaer for det trufaste publikum. 

Opningskonserten er det fjerde og siste arrangementet eg vil kommentere. Ein drivande konsert med mykje folk. Her ser eg naturlegvis flest av det trufaste festivalpublikumet. Dei er like smilane og ”øsne” som i fjor – dette er folkemusikkpublikumet med utvida geografisk horisont. Eg ser også representerande gjester frå heile fylket som sjeldan er å sjå på Førdehuset. Men den gruppa som skil seg mest ut, er faktisk ei gruppe publikum som truleg er inne på ”sponsorkonto”. Dette er ei gruppe som eg særs sjeldan ser på Førdehuset på arrangement elles – og aldri på konsert. Dei ser ut til å trivast i folkehavet. Førdefestivalen har vorte ein arena for Sunnfjord der det er kjekt og viktig og ”sjå og verte sett”. Kven skulle tru det for over 20 år sidan? Konklusjonen min er:

Publikumet på opningskonserten syner at publikumsutvikling nyttar. Tenkinga  bak dei to turlagskonsertane og godsruta kan gi langsiktige effektar.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *