Større ”skodespelar” enn «bilethoggar»

 
 Får face-meldingar på at denne er vanskeleg å opne. Skift litt nettlesar og vent, er rådet frå det fremste datahovudet på desken…..
Det vert jobba med saka, men denne teknikken forstår kulturagronomen seg lite på…. Eg får linken opp greit på mine maskinar!
 

Fritjoven har fått ein Jøtul vedomn til hovud. Bilete av Torsheim, Hjelmeset, Hugleikson og Columbus nede på bloggen

Sjå bilete frå avdukinga og høyr kulturmeldinga på radio

Høyr Stian og Karl Kristian sin radioprat med Stig Eikaas Her får Stig kredd for statua av kunstnar Torvund. Samstundes får Stig breie seg sjølvnytande om å gå i sporet av kunstnaren I C Dahl. Pompøsiteten til Stig er grenselaus, og han bekreftar soleis viktige poeng på bloggen min. Stig er ein PR-mann av Guds Nåde. Uslåeleg! Fornøyeleg! (hjr mån kl 19)

Bloggen min under:

Stig Eikaas har saga Fritjov Urdal i stein og planta han ved Skei i Jølster. Ni tonn tung og fem meter høg. Det er dimensjonar over slikt, men eg strevar med å finne ut kva sjanger Stig Eikaas opererer i. Viss vi tek ein sprut graffitienergi, ein slump sjølvoppteken gatekunstnar, ein dash mediesvolten performance-skodespelar og ein ustoppeleg steinsagar, så vert det ein uformeleg blandingssjanger. Like uformeleg som skulpturane hans. Stig Eikaas er vanskeleg å setje i bås. 

Graffiti er det ordet som slår meg først. Rebellar som likar å setje spor etter seg på veggar i byrom – når ingen ser dei. Gatekunstnarane opererer i det frie rom utanfor galleria og kunstmusea. I graffiti og annan gatekunst kan energien deira ofte overstyre kulturuttrykket. I tillegg er gatekunstnarane oftast anonyme. Stig Eikaas er derimot i overkant sjølvhevdande og synleg. Og kjedeleg lovlydig.

Skodespelaren Stig framfører ein slags performance-teater ved kvar avduking. Ved Fritjovavdukinga førelas han filosofi og kåra Fritjov til vår eigen Sokrates. Stig er så dominerande i sitt eige avdukingsshow at statuen – med sine ni tonn – kjem litt i bakgrunnen. Stig er PR-mann og sjarmerer journalistar. Han provoserer i avisene, men han syner også kulturfagleg innsikt – ja, til og med sjølvinnsikt i heldige augneblinkar. Stig er langt større som moroskodespelar enn som bilethoggar!

Steinsagaren Stig slit med å framheve nyskapande uttrykk ved den han ”portretterer” med sveising, sag og slegge. I Byrkjeloparken liknar til dømes Columbus til forveksling på Audun Hugleikson. Showmannen Stig veit å lage ståhei omkring humørfylte kjendisar, men det vert ikkje dermed kunst av det. Det vert meir raritetar og folkeforlystelse. Oddbjørn Hjelmeseth smidd i stålstenger, Oddvar Torsheim saga i stein med det raude sjalet på plass, og no til sist ”godklumpen” Fritjof Urdal. Stig Eikaas speglar seg sjølv i modellane sine, og er ikkje i stand til å heve dei utover det kvardagslege. At mange i publikum gled seg over at likandes lokale karar kjem på sokkel – er ei anna sak.

Mange vert irriterte. Det er bra at vi har nokon på kulturfeltet som er i stand til å forarge. Stig Eikaas er ei einsleg svale som faktisk stiller spørsmål ved kunstmuséet og kunstnarorganisasjonane. Han fører størsteparten av all kunstdebatt i fylket. Det fortener han honnør for. Men det må også seiast at han ofte jagar andre frå debatten med si uforsonlege form.

Er dette kunst? Eg kan ikkje sjå nok orginalitet, fantasi og nyskaping som skulle tilseie det. Men Stig glimtar til når han brukar ein Jutul vedomn til hovud på Fritjov Urdal. Eit kosteleg og kreativt grep som varmar! Og la oss hugse på at mange kunstverk vert annerkjende lenge etter at det er laga, så det er alltid von i hangande snøre. Kva som er kunst endrar seg med tida, men målt i samtida så er Stig Eikaas ein kulturell showmann som etterlet seg uformelege skulpturar langs vegane. Neppe kunstnar, men kva er gale med å vere ein kulturell fargeklatt i vårt stivbeinte fylke? Det er nok alvor i verda! Det er nok gravalvor i fylket!

PS1: Mange er irriterte over at Stig Eikaas pregar det offentlege rom ved å setje ut avleggarar av Gjest Baardsen i Sogndal og Torsheimen i Førde – samt at parken hans på Byrkjelo breier seg utover all mark. Dette er ikkje Stig sitt ansvar. Han har berre supertalent som masekopp. Dei lokale politikarane har gjeve løyve, og berre dei må vedkjenne seg hovudansvaret. Steinkolossen Fritjov Urdal er heldigvis plassert trygt ute av folkesynet.

PS2: Kven har makt til å definere kva som er kunst? Keisar Wilhelm hadde definisjonsmakt og pengar til å setje opp Fritjof den Frøkne på Vangsnes. På mange måtar ei statue av keisaren sjølv. Slik har Stig Eikaas sett opp ei Fritjov-statue av seg sjølv på Skei. Hjelmeseten, Torsheimen og Fritjov legitimerer på eit underleg vis Stig Eikaas som bilethoggar! Og vi må heller ikkje stikke under stolen at slektstavla gir lys langs ein kronglete ”Kunstnar-STIG”. Å vere ”son av far” gir også merksemd og definisjon. Særleg for ein Eikaas frå Jølster. Definisjonsmakt er finurlege greier. Berre sjå på den franske ”Dagmar-kunsten” på Kunstsenteret i Førde. Når ei rotvelte er komen inn på galleriet har det brått vorte kunst av det! Det som ligg att ute er ”berre rot”! Offisielle representantar frå Jølster kommune, Fylkeskommunen og kunstmiljøet kasta ikkje glans over avdukinga, kanskje i frykt for å gi statuen til Stig Eikaas kunstnarleg legitimitet. Men Torsheimen song om «Ivar skrivar» og Fritjoven har stått modell!

PS3: Kunst og kompetanse. Kven skal så døme om kva som er kunst. Er all synsing like relevant? La meg minne om at vi har fagjuryar til slikt, og at Torsheimstatuen i Førde vart godkjend som skulptur! Vi brukar altså ein kunstnarleg fagjury på same måten som når ein rørleggar med fagbrev bestemmer om eit kommunalt rør vert lagt på rette måten.

PS4: Stig spelar på det «folkelege» kontra det «finkulturelle». Nokre legg godviljen til, og ser at statuen liknar modellen – men kva so? Og om folket likar modellen, så er heller ikkje det eit kjennemerke på at steinen er eit kunstverk.

PS5: «Marilyn og Nixon». Andy Warhol laga popkunst av Marilyn Monroe og Kjartan Slettemark laga kunstverk av president Nixon. Desse kunstverka har politisk distanse. Stig Eikaas sine verk med kjende modellar har ikkje brodd mot noko som helst.

PS6: Merksemd gir misunning. Stig Eikaas får mykje på pukkelen fordi han er ein dyktig PR-mann. Rausare er vi ikkje i ”trivselsfylket”!

Mitt siste PS til 7. og sist: Stig er langt større som preformanceskodespelar og medierebell enn som bilethoggar! Kanskje held han berre ap med vår mangel på kulturelle kroner til skulpturar ….?

Oddvar Torsheim er stempla godkjend av "kunstnarleg råd"

Oddbjørn Hjelmeseth har "stål i ben og armer" utanfor Gloppen Hotell. Skulpturen er etter mi meining meir "raritet" enn "kunst"

På Byrkjelo liknar Colombus (t.v.) upåklageleg på Audun Hugleikson (t.h.)

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til Større ”skodespelar” enn «bilethoggar»

  1. stig eikaas sier:

    Ei heller på denne driteutstig bloggen hvor mye energi på nettopp å latterliggjøre min kunst og min person blir nedlagt fra melderen sin side, klarer populisten Hans Jakob Reite å inkassere en eneste kommentar blant 110000 beboere i fylket. Man skulle jo tro at folkedypet av ulne meninger hadde kastet seg på nedvurderingen av min person og min kunst. Slik praksis har blitt på nettet. Men nei, ikke en eneste kommentar. Jeg er ikke psykolog eller sosiolog, men tar nullresponseffekten på melderens særegne motiver for utsagn til etterretning, som politikerne sier.

  2. stig eikaas sier:

    Jeg noterer at de få sjeler som prøver å få til noe i fylket som Randi Førsund og Stig Eikaas skulle holdt seg unna fylket og en «melder» med særegne kulturreferanser og til politisk hang til RV ( jfr HJR sine ref til FrP). Jeg noterer at jeg blir stilt en masse spørsmål fra lokalradioen, fra bortføringen av Ludvig til kunstgaver til fylket. Jeg har også stilt en del spørsmål til Rolf Sanne – Gunsdersen. Forskjellen er at jeg svarer, mens Rolf Sanne – Gundersen ikke svarer. Husker utsagnet ditt før jeg gikk i studio sommeren 2012 » Nå får vi se hvor tøff du er». Som gammel fallskjermjeger og Oslobokser i Pugilist er jeg tøff, også den dag i dag, som få. Spørsmålet er heller hvor tøff du er. Du skriver at din melder har flere positive enn negative responser. Det tror jeg etter mine kilder ikke noe på. Dokumenter det. Som det heter på journalistspråket. Slik jeg har blitt krevd i alle år. Ikke minst i saken hvor jeg bortførte min far til sykehjemmet. Alt, absolutt alt, bør tåle offentlighetens lys, særlig når man er sjef for en mediebedrift. Husker du når dere peste meg for å gi bort 23 trykkplater som jeg eide? Da husker du også hvordan begivenheten ble dekket i lokalradioen i ettertid! Når ga du bort en million kroner til et museum? Vet at du har gitt meg mye konstruktiv tid i radioen din, det er kult det, men ……. ser at dette er in vain. Ulike kulturer. Ulik mentalitet. Fra nå jobber jeg bare med min kunst. Som Fritdjov Urdal sa» Ikke kom til fylket om det er kunst du har i bagasjen».

  3. Hans Jakob Reite sier:

    Hei Stig:
    – Kva siktar du til i klammen «( jfr HJR sine ref til FrP)» ?
    – Du skriv ofte om dine pedagogiske repetisjonar. Av dine synspunkt. Repetisjon er oftast bra, men ein kan også verte ståande å hakke til inga nytte. Debatten går ikkje ein millimeter framover.
    – Det meste har gjeld Rolf, så eg har tipsa han om svara dine.

  4. stig eikaas sier:

    Repeter kunstprosjekt til anne viken der ser du ref til Frp. RV ideologi kan jo forklare din verbalsjikane mot meg og min kunst fra torsheim kom opp i 2003. Jfr ditt «kunstspråk i stikkord» med det formulerte kunstspråket til Johs. B Thue og Gunnar Torvund. Det kan gi deg eksemplarisk supervisjon for framtidige framstøt innen de visuelle kulturuttrykk. Rolf Sanne-Gunderen virker som en spretten og kvikk fyr som tør å fronte «kunstdirektøren» på åpen scene. At han lar deg fyre løs uten kompetanse på et hvilket som helst område utenfor basar og lagskultur, og henge ut enkeltpersoner digger jeg lite. Siste på Firda.no om kunstmuseet er triste greier. Minner meg om dødsgjengen som beskuer sitt elendige hjelpeløse jordegods. Ellers blir jo kommentarfeltene over ganske komiske etterhvert. Stig Eikaas, Stig Eikaas, Stig Eikaas, osv. Skal gi meg nå. Har jo skrevet det jeg mener. Ikke mer å tilføye.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *