Losnaspelet

Bygdefolket på Losna med kystkvinna i front utfordrar den sleiske riddar Einride spela av bergensaren Helge Jordal

Høyr radiopraten

Losnaspelet gjekk av stabelen for sjuande gong i helga. Eg skil mellom Losnaspelet og ”Losnaspelet”. I snever forstand er Losnaspelet av Rolf Losnegård eit historisk spel som liknar på mange andre som fyk forbi i løpet av sommarhelgane. I vid forstand er ”Losnaspelet” ein ulogisk fest på ein holme med to fastbuande. Her er det pub og dans på låven til langt på natt. Same lokalet vert ”vigsla” til Gudsteneste neste dag. Samstundes vert lokala brukte til kunstgalleri og kafé. Garderobe for skodespelarane er på fjøsloftet.

Losnaspelet er sjølve spelet. Tekst og regi: Rolf Losnegård. Eg såg det søndag. Riddaren Einride av Losnaætta vitjar Losna femti år etter Svartedauen. Han vil korkje bygge opp att den stolte Borgja eller vøle kyrkja på Losna. Han kjem for å hindre at son hans – Erlend – fortaper seg i ei fattig bondejente. Stykket syner det sterkaste dramaet nettopp i ”jakten på kjærligheten”. Her er slåsskamp mellom damene så busta fyk. Dei proffe skodespelarane tek tak i intrigane. Den kjærleikssugne fattigjenta Helga vert spela av Idun Losnegård. Ho gir liv til kjærleikskampen om riddarsonen. Riddar Einride vert spela av den rutinerte Helge Jordal. Han er passe sleisk og gir tyngde til spelet der makta rår. Stykket flyt stort sett greitt. Amatørane kjempar godt, men av og til vert kort øvingstid forsøkt kompensert med ”overspel”. Dramaet er svakast når dei ramsar opp slektstavler.

Amerikareisa er eit nyskrive humoristisk stykke om utvandringa for over 100 år sidan. Dei proffe skodespelarane i Losnaspelet har under Rolf Losnegård sett opp ei times framsyning på låven. Eg såg den laurdagskvelden, og eg tykte om stykket i sin lette stil. Historia byd ikkje på ”den største verdsdramatyikken”, men flettar absurd nok dagens innvandring til Norge inn saman med utvandringshistoria over Atlanteren. Musikalsk: Elles er her mange ”slagerar” og ”ever greens” som skodespelarane syng ut på ein grei måte. Ja, nokre songar har skikkeleg trøkk – særleg imponerte Erlend Ona Gjul. Også dette stykket ber litt preg av kort øvingstid, men humørfylte skodespelarar gir publikum ei gild stund på fjøsgolvet.

Losnaspelet i vid tyding er imponerande i si fulle breidde. Dei tek imot 6-700 publikum på to døgn. Skodespelarane brukar seg på begge sider. Innsatsen frå eit kompakt dugnadskorps overgår mykje, og viljen til gjennomføring er ”rørande”. Her vert ”dagens store og vide Losnaspelfest”  på ein merkeleg måte eit spegelbilete av ”det historiske Losnaspelet” med 600 år gamle scener. Utkanten reiser seg i kamp mot den sentrale kulturelle overmakta. Losnaspelhelga vert til i ei merkeleg blanding av overmot og kjærleik til staden. Når eg reiser på kryss og tvers i fylket på mine kulturoppdrag merkar eg ofte denne lokale krafta – gjødsla med overmot: ”Noko må skje her og,……og vi har berre oss sjølve å lite på”. Men sjeldan er dette så rørande vakkert som i Losnahelga.

Losnaspelet – det historiske – er ikkje toppklasse i fylket, med ”gutsen bak” Losnahelga kan ta pusten frå kven som helst. Arrangert mot alle odds. Vert ei slik helg arrangert om to eller fire år? Eg veit ikkje. Men vert det arrangert, så skal eg vere der. Ikkje først og fremst for å sjå ”det 600 år gamle historiske spelet”, men for å sjå folk som framleis arrangerer med ”overmot”. I dag. Vakkert.

PS: Ferjedrama høyrer med. Etter framsyninga søndag er det alltid eit gratis ”spel” om kven som får bilen sin med på ferja. I år hadde dette lokale ”ferjespelet” eit desidert toppår. Men det kan ikkje refererast. Det må opplevast!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *