Sviskekompott à la Breimskoret

Bee Gees entra scenen i Trivselshagen

Sjå bileta og høyr radioklippet

Breimskoret feira 25 årsjubiléum i Trivselshagen med première på kabareten ”Samhandlingskrøll”. Gjesteartist Sigrid Moldestad sette sitt preg på framsyninga, men utan å stele showet. Sjangeren er ”korkabaret” med vekt på korsongen. Det var 21 songsvisker frå Dolly Parton til ”Der bjørkorna susar” – frå Abba til Erik Bye. Songane var bundne saman av småtekstar om ”samhandlingsreformen” og forviklingar med gamlingar og framandarbeidarar på heimen – og litt romantikk à la legeroman.

Eit middels kor med ”guts” og orkester. Viss Breimskoret stiller seg opp på kortrapper og står rett opp og ned og syng konsert, så er det truleg eit middels blandakor i fjordafylket. Men så hevar dei seg. Dei hyrer seg inn eit topp orkester som stødig botn, og så kastar dei hemningane. Dei spelar! Dei leverer topp typespel. Dei tradisjonelle sviskene blandar seg i ein søt sviskekompott.

Dei revyliknande sketsjane er som feit og ufarleg fløyte.
Tekstane innbyr til humring og lun stemning utan brodd. Kanskje den saftigaste mellomteksten var lagt i kjeften på Liv Signe Navarsete på heimevitjing for å ta ære for alt som går godt.

Speleglede, solistar og Sigrid pregar kabareten. Eg startar med spelegleda. Her er mange som byd på seg sjølv. Sjarmen i rollene dekker glimrande over av nokre av soloprestasjonane varierer. Koret brukar mange solistar, og det gir gode kabaretkvalitetar. Gjesteartist Sigrid Moldestad er som vanleg stø både i song og skodespel. Ho var likevel ”baka meir inn” i kabareten enn tidlegare. Eg sakna kanskje at ho fekk ”briljere” meir i eit nummer eller to skreddarsydd nett for henne. Men det tyder også på kvalitet i kabareten at Breimskoret ikkje berre lit på at den heimvende ”gjesten” skal gjere susen, men torer å syne fram fleire i markante roller.

”Jamt godt” er eit ord som er dekkande for kabareten, men kanskje sviskekompotten vart litt for jamn. Litt for lik seg sjølv. Eg hugsar mest det ”jamt gode”, utan å kunne trekke fram eitt eller to-tre eineståande nummer. La dette få vere mitt pirk i ein godt gjennomført kabaret. Ein kabaret med veldig god flyt. Breimskoret maktar også å kome seg av scena i tide. Ein einaktar på ein time og trekvarter er førebilledleg, der andre revy- og kabaretgrupper har vanskar med å avgrense seg.

Det smakar ”Feel good” i Trivselshagen! Publium lenar seg tilbake og nikosar seg. Det ligg suksess i skiftet frå Breimshallen til Trivselshagen. Publikum fyller benkeradene, og dei elskar det spreke blandakoret sitt. Når eg oppsummerer med at dette er ”Svistekompott med fløyte à la Breim”, så har det to hovudgrunnar. Dette er dessert for den eldre garde. Men visst smakte det ”suligt og søtt”!

PS: Ein «anonym» innfødd Breimning kviskra til meg etter kabareten: Når Breimskoret har flytta ned i Trivselshagane på Sandane, då er vel kommunesamanslåinga i Gloppen gjennomført!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *