Korleis takle ti veker med ABB i retten?

Ein radioprat om emnet mellom meg og Karl Kristian

So er tida komen. Nasjonen Norge skal truskast gjennom vekevis med ABB i retten. Nokre skal leve opp att sommaren svært så nær. Nærare enn mange av oss andre. Men vi er alle involvert. Vi bryr oss. Viktig. For overlevande og pårørande. For ABB som skal dømast så rettferdig som råd. For Norge. So langt alt greitt. 

Eg tenkjer meg nøye om: Korleis eg skal unngå det mest massive mediekøyret, men likevel få med meg så mykje som ein gjennomsnitts interessert samfunnsborgar ”bør”. Korleis skal eg finne ly? Korleis skal eg «overleve» utan at denne viktige rettssaka får kvele meg, og samstundes få med meg nok til sjølvrespekten og respekten for nasjonen, alle offera og gjerningsmannen?

Eg har kvotert minuttane til avislesing, nettbruk, TV og radio om ABB-rettssaka. Daglege doser vert slik: Dei knappaste radionyhenda og ti minutt papiravis. Eg skal sky alt av utvida radio/TV-nyheiter. Eg skal sky alle «pikante» detaljar. Eg skal gå tur mellom kl 18 og 20. Eg skal lese bok kl 21. Eg skal sjå Kveldsnytt viss det ikkje eser ut. Eg skal surfe nettaviser i ti minutt. Strek sett! So langt om tidsbudsjettet.

Er ei slik avgrensing uansvarleg? Eg trur ikkje det. Eg skal vare i ti veker pluss årevis med ankesaker. Saka er ekstremt viktig, men kven tener det at den kveler oss? Vi må finne balansen. Eg vel min balanse. Eg har i denne bloggen ikkje sagt eitt ord om korleis du skal gjere det. Eg skriv dette for at det kan vere lurt å tenke gjennom om – og eventuelt korleis – ein skal verne seg. Eg kvir meg til rettssaka, og enno meir til kappløpa i media. Ja, eg fryktar massivt mediekappløp! Neidå, neidå. Naturlegvis må saka dekkast, men har media ”opplysningsplikt” om alt som tener sjåartal og lyttarfrekvensar, klikkteljingar på nett og opplag i papir?

Så til billettbudsjettet mitt. Eg har budsjettert med uhorveleg mange kulturhendingar i dei ti vekene. Vi treng å kome saman. Vi treng å puste. Kultur er så mangt. For meg er kultur også pustehol. Det kjem ti veker rettssak. I første omgang. Ei krevjande pusteøving. For fleire enn meg. Eg skal bruke kulturen som motvekt i motvind. For å verne meg mot frøsen av det eg ikkje treng å vite. Eg skal kome ståande ut, utan at ABB får tilrane seg enno meir makt.

Lyspunkta finst. Eit av dei største lyspunkta i denne saka var publikum som spontant løyste låtten i rettssalen når ABB kravde lauslating på staden. Låtten har kraft!

Om pust. Av og til er røynda massivt påtrengande. Kvelande. Då er pustehola viktige. Ja, heilt avgjerande. For over 100 år sidan brann Ålesund ned til grunnen. Eg kjem i hug eit ord frå barndomen – eit ordtak som besteforeldra mine brukte når noko verkeleg stod på: ”Ta det med ro, ….hugs at dei pusta – også når byen brann!”

PS: Eg laga ein blogg nokre få dagar etter 22. juli – om sorg og sinne, om bearbeiding og humor, om samhald og kultur under tittelen: Frå Malakoff-party til ”solskinn og brød og ånd” i Domkyrkja.

Du finn denne julibloggen i tekst og lyd ved å klikke på: http://blogg.nrk.no/reite/2011/07/25/fra-malakoff-party-til-%e2%80%9dsolskinn-og-br%c3%b8d-og-and%e2%80%9d-i-oslo-domkyrkje/

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *