Kunstvegen er 12 mil

Kunstvegen får grønt lys ved det nye Kunstmuséet i Førde

Høyr kåseriet

Eg har vore på kunstkonferanse i fylkeskommunen – i brestepunktet mellom bygda og verda. Av dei 200 kunstnarane våre spelar 100 instrument medan 50 lagar ein slags bilete. Kulturgranskar Georg  Arnestad staka ut kunstvegen i fylket. Den snirklar seg fram 12 mil frå Sandane i Gloppen gjennom Astrupland i Jølster. Den stryk seg vidare langs nova på det nye Kunstmuséet i Førde for å ende i Dale i Fjaler. Langs desse 12 mila bur tyngda av kunstnarane i fylket. Gloppen er hovudstaden for musikarane og i den andre enden – Dale – karar dei til seg det meste av dei kunstnarstipenda som ramlar ned i fylket.  

Konferansen starta med kunstbilete frå Jølster. Vakre, våte Jølster i grått og grønt. Kulturprofessor Per frå Telemark hadde startetappen. Solid kunnskap om fast tilsette kunstnarar som lever feitt –  og ein flokk lausarbeidarar som dundrar på dørene og underbyd kvarandre ”alle mot alle” i kampen om oppdrag. Denne reservearméen av kunstidealistar vert utdanna i inn- og utland utan at samfunnet syner kjøpevilje som står i høve til det overdådige tilbodet. Kunstkjøparane – offentleg og privat – går oftast i stim, og ”the winner take it all”. Taparane er underbetalte og bergar seg i land på tilfeldige attåtnæringar. Kunstnarane klumpar seg saman i Oslobygda og grannelaga ikring. Nokre går motstraums og finn vegen til distrikta, der dei prøver å etablere ei motmakt til dei sentrale kunstmonopola. Det er krevjande!     

Frå den mjuke kulturdelen av BI hadde dei sendt oss Sigrid. Ho mana kunstnarane til å tenkje meir på pengar. Men ho åtvara samstundes politikarane mot å rope på næringseffektar kvar gong det var snakk om nokre kroner til kunst og kultur. Førsteamanuensis Sigrid var ledig i framføringa si, medan professor Per – som før er nemnd – hadde ei stotrande opplesing av si faglege tyngde. Sorry arrangørar – men framføring tel også ein del når kunstnarar og kulturistar set av to dagar til konferanse. Stikkord: Formidling!

Eldbjørg var ein glødande jazzutøvar. Ho teikna eit fornøyeleg ”stjernekart” over alle tusen pengesekkane det kan søkjast på. Fin å høyre på, men kvifor rota ho seg bort i nettklikking som øydela rytmen i framføringa? Ho ville aldri teke så lett på det i ein jazz-konsert! Kvifor denne dataklikkinga under føredrag på all slags konferansar?

Anne Åsheim – kulturrådet – tillot seg også ein tur i skjermtåka. Ho understreka likevel klårt at ho fekk altfor få søknader frå fjordafylket. Men dei få ho fekk var særs gode! Halvor frå «FylkesInnovasjon» verka usikker på kulturfeltet. Han tok hoftefest på sidelinja, vel vitande om at dei som treng innovasjonspengar kjem til å finne han.  

Heia Ingebjørg! Mot slutten av første dag entra fylkeskulturdirektøren vår talarstolen. Ho hadde ikkje tid til dataføredrag, og tala varmt om kunsten sin eigenverdi. Ho ville prioritere opp kunsten i skulen. Ho hadde eitt sterkt ynskje om at kunstinstitusjonane i fylket må forarge oss meir, og ho oppmoda kunstnarane til å syne seg fram i media. Eit feiande innlegg mot slutten av dagen – utan dataklikking. Takk Ingebjørg.

Så vart det personlege vitnesbyrd om tilflytting og utflytting. Salen var lei av å sitje i ro, og det vart kø på talarlista. Andre dagen fauk vi rundt i det mest inspirerande gruppearbeid eg nokon gong har vore med på i ein konferansesal. ”Lærarinna” var den myndige Eli Grete frå Balestrand. 

To overraskingar på tampen. Eg er imponert over AP-ordføraren i Fjaler som greidde ”å pjåte” inn så mykje industristoff om Lutelandet sitt på ein kunstkonferanse. Dessutan var kulturkonferansen historisk sidan vi ikkje hadde Operagutane frå Åmot Gard mellom innleiarane. Det må likevel vere ei feit trøyst for dei at kunstnarvegen mellom Sandane og Dale tek snarvegen gjennom tunet på Operagarden på veg til Dalsfjorden!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Kunstvegen er 12 mil

  1. stig eikaas sier:

    Greit referat, men hvor mange deltok? og veien videre? Konklusjoner til kunstens fremme framover? Kunstmuseet i Førde sin rolle? Arbeidsdeling mellom begrepene kunsthall/formidling og museum/forskning?

  2. Hans Jakob Reite sier:

    70 personar. Glimrande gruppearbeid på dag to leia av Eli Grete Høyvik (Balestrand). Deltakarane bestemte kva dei vil jobbe med framover. Mange råd til Kunstmuséet. Fleire vil jobbe med «språk og kunst». Følg med!

  3. stig eikaas sier:

    Ja forholdet mellom litteratur og visualitet er spennende. Det heter seg at penselen fortsetter der pennen slutter. Kanskje har billedkunsten i dag blitt noe voldtatt av språket. Språket kan akademisere og tørrlegge noe av billedkunstens kraft. Ellers prøver jeg å følge med så godt jeg kan. Dessverre er det lite å følge med på av refleksjoner fra kunstledelsens side om billedkunst i fylkesmediene. Faktisk så å si ingenting. Det er synd. Og kjedelig for kunstens liv. Ellers fikk du vel min sms om dag for Fridtjoven. Slik at du kan få bryne deg på «språk og kunst». Stikk innom sfj.kulturnett og sjekk min siste analyse. Håper også at flere vil og ønsker å slenge innom med kommentarer på denne bloggen. Det vil Hans Jacob Reite sette pris på. Samt interessant å lese hva folket mener om fylkeskulturen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *