Julekonsert med klår x-faktor

   Børge Vatlestad (biletet) er saman med Inge Ronny Kvåle dei to snikkarane av suksessen Desembernatt. (Foto: Geir Bjarte Hjetland) Bilete av to andre hovudpersonar ser du under bloggen.

Høyr radiomeldinga  Sjå bileta  Høyr publikumsreaksjonane

Eg reiste på Desembernatt i Stedje kyrkje laurdagskvelden. Julekonsert arrangert på fjerde året for stappfulle hus. I år selde dei 1200 billettar på under ein time. Eg undrast på kvifor nettopp desse tre konsertane i Stedjekyrkja velta kiosken! Og eg fekk sjå og høyre: 

1: Adventstemninga kom med sledeføret i Sogndalsdalen. Eg sklei inn i stearindampen frå tusen kvite kubbelys. Lukt gir stemning. Lyssetjing på altertavle og brunt panel i trekyrkja. Flomlyset ute skin inn gjennom grønlege glas. Kyrkja er fullsett med festkledde. God lyd kling i kyrkjeromet.

2: Tone Damli Aaberge og Sigrid Moldestad fyller opp kjendiskvoten etter boka. Tone også lokal Sogndalsjente. Dei dreg sitt publikum og leverer som forventa. Elles er Ungdomskoret Røyst på plass, og dei fleste aktørane har røter innanfor området til Sogn Regionråd.

3: Sviskene kjem. Einar Bolstad vart ein av publikumsvinnarane med ”O helga natt”. El-gitaren vrenger ut ”Deilig er jorden”, og gir publikum hint om nye tider under kyrkjekvelven. ”Stille grender” var sikkert inne i puddingen ein stad. Eg hugsar ikkje so nøye.

…så langt er alt etter den oppskrifta ein vispar julekonsertar av, men så byrjar det å utarte…

4: Dei torer å slå til med nytt og eige stoff. Nye julesongar handlar mykje meir om snø og kjærleik enn om Juleevangeliet. Det har vi vendt oss til. Sigrid Moldestad syng om og helsar frå ”Far på Breim” like sjølvfylgjeleg som presten helsar frå Englane ved Guds Kongestol og ”Far i himmelen”. Repertoaret er kraftig utvida, og publikum ser ut til å like det.

5: Herleg musikalsk variasjon. Eg fall pladask for variasjonen. Her får du reine hardingfelenummer og vare julesongar om kvarandre. Her kjem korsong, messing og rockebandliknande arrangement i same rekkja. Du er usikker på om neste nummer er prega av Jesusbarnet eller Jimmy Henrix!” 

6: Kyrkja skal både romme det heilage og gi oss overraskingar. Krevjande. Eg må gi honnør til Stedje kyrkje som har vit nok til å opne døra for dei spenstige arrangørane. Det er ein slik mix som utløyser billettsal på 1200 på under timen. Det er dette som gir oss kraftkombinasjonen av Gud og Mammon! 

…og då har eg leita meg fram til dei to faktorane som hevar Julekonserten i Stedjekyrkja til himmels i Desembernatta…

Til sjuande og sist heiter X-faktorane Børge Vatlestad og Inge Ronny Kvåle som torer å gi oss ein Himmelsk lapskaus av ein Julekonsert. Dei torer å mikse julesongsvisker og verdsleg moderne stoff. Dei torer å gå i breidda på musikalsk uttrykk. Ja visst har dei med seg ei røys av flinke folk, men det har andre julekonsertar også. Det er dei to konsertsnikkarane som etter mitt syn hevar denne konserten utover det vanlege. Dei vågar å tenkje nytt. Dei vågar å handle nytt. Dei torer å skifte ut mannskap og artistar slik at dei oppnår fornying. Dei køyrer ”kamp om plassad’n» nett so på Fosshaugad’n. Dei meistrar kombinasjonen av gamle svisker og overraskande vendingar.

PS: Det er nesten for gale, men det er alltid eit men. Etter nesten to timars konsert bør takksigelsane unnagjerast strammare.  Og kom aldri med eit ekstranummer folk ikkje har bedd om. Ein stramt redigert konsert flaut litt ut på overtid……

Julestjerna Tone og Jesus. Jesus til høgre.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Julekonsert med klår x-faktor

  1. Arne Schei sier:

    Jimmy Hendrix? Hæ? Det var Jimi sist eg sjekka!

  2. Arne Schei sier:

    Jimi Hendrix – ikkje «Jimmy Henrix»!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *