Knausgård buklanda

 
 
 

Knausgård den sjette er eit tomt skal

For nokre veker sidan leverte Karl Ove Knausgård det sjette og siste bindet i romanserien ”Min kamp” på over 3000 sider. Interessant som litteraturprosjekt. Godt sal av dei fem første speglar vår samtid. Siste bindet var eit litterært mageplask. 

I romanane skriv han om eige liv. Oppvekst. Ein far som drakk seg i hel. Sin eigen utruskap og etter kvart som bøkene kom ut: Reaksjonar frå media og uthengde familiemedlemmer. Knausgard skriv for det meste godt. Det er stort sett god litteratur. Men eg kjenner meg som ”ein kikkar” i enkelte parti av romanserien. Han heng ut forsvarslause nærskylde, og gøymer seg bak fikenbladet ”eg er hardast mot meg sjølv”. Kanskje det, men han hadde valet. Dei andre ikkje.

To faktorar fungerer som motorar: Fråtsing i private detaljar og lokking med at Hitlerparallellen på tittelen ”Min kamp” skulle avslørast i siste bind. Det var mykje langhalm i dei fem fyrste, og dette toppar seg i det sjette bindet. Her tværar han sjølvmedlidande ut alt ståket om utgivingane. Han har seg sjølv å takke. I tillegg vert dei hundrevis av sidene med Hitlerstoff hengande i lause lufta. Kanskje eg ikkje er glup nok til forstå det? Mulig det, men eg nøler ikkje med å rope ut: ”Keisaren er naken”!” Siste boka til Knausgård er berre rør og ein litterær bløff! Min motivasjon til å lese har vore to hovudaspekt. Eg ynskjer å sjå kva som sel godt, og eg var spent på Hitlerparalellen. Sjette bind vart ein nedtur i særklasse. Dårlegast litteratur også, eller kankje eg berre var utmasa og skitlei?

Eg kjenner ikkje salstal for det sjette bindet. Eg stiller likeval spørsmålet: Kvifor sel dei fem fyrste så godt? Eg trur det kjem av den enorme interessa for grafsing i privatliv. Denne grafsinga skaut fart for om lag 30 år sidan. ”Se og Hør” kom i bladkioskane på slutten av 70-talet, og på tidleg 80-tal fekk vi den første såpeserien ”Dynastiet” på TV. Såpeseriar la grunnlaget for reality. Etter kvart har dette utvikla realityseriane sitt hegemoni på TV.

Knausgård er økonomisk dyktig når han skriv romanserie for realitypublikumet ”just in time”. At han også har litterære kvalitetar gjer ikkje dette poenget mindre. No vil han gi seg som forfattar. Heilt greitt. For meg.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *