Lakselyrikk

Svulmande kjærleik på lekkert papir

Sjå videoklipp med reportasje og bokmelding (Vestlandsrevyen)

Laksekongen Ola Braanaas har gjeve ut 130 sider poesi på eige forlag. Boka ”Banebrutt” er illustrert av niesa Vilde Braanaas. Dikta handlar mest om livet og kjærleiken.

Ujamt, naivt, direkte og ærleg er mine stikkord for å karakterisere dikta. Her er ein god del naiv pubertetspoesi. Slikt som mange av oss har putla med, men det er litt merkeleg at det vert utgjeve av ein vaksen kar. Men for all del: Det er modig og ærleg gjort å gi ut diktsamling, og det tener Braanaasen til ære at han torer. Dikta syner oss mannen bak orda. Det osar av handlekraft og direkte tale. Ein kunne kanskje vona på litt meir refleksjon i tekstane. Her vert det for ujamnt etter innfallsmetoden, sjølv om han innimellom glimtar til med gode formuleringar til ettertanke. Men likevel: Braanaasen set «vilje til fridom» framfor kvalitet…… i diktinga.

Konsulentar er ikkje alltid ei plage, meiner eg. Eg er skråsikker på at laksekongen kjøper seg den spissaste fagkompetansen når han skal ale opp og selje laks. Men ”poeten” Braanaas ser ut til å meine at i kulturlivet er det ikkje fullt så nøye. Monn det! Eg undrar meg over at ikkje han kostar på seg eit forlag som kunne heva boka ved utplukk og tilbakemeldingar. Men ein mann som har råd til å kjøpe seg ein konge ser ikkje ut til å tenkje slik. Lottomillionærar er ikkje som andre millionærar. Ein laksemillionær har råd til å gi ut den diktboka som passar han. Kanskje styrkar det også sjølvkjensla til ein forretningsmann å kunne hive seg på eit prosjekt som leverer ”rett frå kjelda” mest utan kvalitetssikring?

Illustratøren Vilde Braanaas har gjort ein proff jobb med boka. Layouten er variert og den står godt til dikta. Tekstsetjing og variasjon i skrift funkar. Ho har heilt tydeleg den fagkompetansen som skal til for å gjere jobben. Det er ikkje her boka ropar på ekstern konsulent. Vilde er ein klart betre illustratør enn onkelen er poet.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Lakselyrikk

  1. Vilde Braanaas sier:

    Flott med ukonsultert debatt, rett frå levra! 🙂 For meir juice sjå http://www.facebook.com/pages/BANEBRUTT/140667166037463 eller http://www.vildebraanaas.com for fleire av mine arbeid.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *