Bokhaust 2011

Skåla og Vesledoktoren er er toppbøker i haust

Høyr eit klippa radioprogram om den lokale bokhausten i fylket i 2011. Programmet (føremiddagssending 21. november) er leia av Stein Åse, og han hadde med forfattarar, forlagsfolk, ein bokhandlar. Eg kommenterte bokhausten slik: 

Den lokale bokhausten er jamn og allsidig. Allsidig sjangerval frå dei to forlaga våre – Selja og Skald. Eg vil også inkludere dei tre Osloforlaga – Samlaget, Cappelen Damm og Oktober som har eit par utgjevingar kvar med sterkt tilknyting til fylket. Stikkordet er ”jamt godt” utan ”ein blendande vinnar”!

I: Tre markante trekk ved bokhausten: 

1: Nytt trekk at vi har to romanar i det sjølvbigrafiske Knausgård-grenselandet. – Ole Johannes Øvretveit gir ut ”Doktoren og Vesledoktoren” på Skald og – Brynjulf Jung Tjønn gir ut ”Kinamann” på Cappelen Damm 

2: Naturreligionen held stand – ”ut på tur i vakker natur”. – Stig Roger Eide og Inge Fenn gir ut ”Skåla – fjellet og folket” på Selja, – Arve Sandal, Arve Ullebø og Simone Stibbe gir ut ”Reint eventyr” på Skald og – Finn Loftesnes og Tom Dybvad: ”Opptur Nærøyfjorden” på Selja

3: Gledeleg med sju gode nynorske barnebøker. Forlaget Skald er ute med fem barnebøker (Hurra!), forlaget Selja gir ut ei barnebok og ikkje minst: Hans Sande gir ut ”Pappa er sjørøvar” på Cappelen Damm

 

II: Viss vi går inn forlagsvis vil eg framheve:                                                

Selja – tre titlar: – Stig Roger Eide og Inge Fenn: ”Skåla – fjellet og folket”, – Ove Eide og Finn Egil Eide: ”Huldra, draugen og fanden sjølv – Segner frå Sogn og Fjordane” og – Siri Ingvaldsen: ”Gulatinget”

Skald – tre titlar: – Erna Osland – ”Kyss ein bokstav”, – Arve Sandal, Arve Ullebø og Simone Stibbe – ”Reint eventyr” og – Ole Johannes Øvretveit – ”Doktoren og Vesledoktoren”

Seks titlar frå tre andre forlag: 

Samlaget: – Erling Legreid – ”Nærgåande skisser” og – Rune Timberlid – ”Sanct Svithuns gåte”

Cappelen Damm:   – Hans Sande – ”Pappa er sjørøvar” og – Brynjulf Jung Tjønn – ”Kinamann”

Oktober: – Marit Tusvik – ”26 små romanar” og – Kjartan Hatløy – ”Fjord”

 

III: Oppsummert: Viss eg skal plukke, så gir desse fire eit allsidig utplukk som «julegåve» til meg sjølv: 

Cappelen Dam: Hans Sande – ”Pappa er sjørøvar” – sjanger barnebok.                                                                             

Samlaget: Erling Legreid – ”Nærgåande skisser” – sjanger norsk samfunnsliv                                                                                

Selja: Stig Roger Eide og Inge Fenn: ”Skåla – fjellet og folket” – sjanger: natur og eldsjeler                                                   

Skald: Ole Joh. Øvretveit – ”Doktoren og Vesledoktoren” – sjanger: sjølvbiografisk roman

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Bokhaust 2011

  1. Mange spennande bøker å lese frå fylket. I tillegg har underteikna kome ut med boka «Eg og – konfirmantundervisning for multifunksjonhemma» i september i år. Utgitt av IKO Forlaget AS, Oslo. Boka er eit verktøy for tilrettelagt undervisning i eineundervisning eller som ein del av felles undrvisning saman med resten av konfirmantene. Boka legg fokus på førebuingsfasen.
    I tillegg har Oddvar Etnestad kome ut med ei dikthefte denne veka, ukjent for meg kva forlag, men det er i salg ved LIBRIS i Handelshuset nord, Førde.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *