Megger i sidevind

"Megger i medvind" på premièren i Dale Ungdomshus

Sjå bileta frå premièren  Høyr radiomeldinga

Meggene i Dale leverte den årvisse revypremièren på fredagskvelden. Salen var litt avventande ….. ikkje heilt full. I siste liten hadde dei fått stramma inn mannskapet  (viss ein kan snakke om MeggeMannskap?) frå seks til fem. Ville dei innfri forventningane om sprut og humør? Ja, dei gjorde det, men kjem likevel samla ut eit lite hakk under middels….. for Megger å vere.

Ordførar Arve Helle får sitt, og søstrene Solheim spelar både ordførar og varaordførar. For på Meggerevyen er det slik at varaordførar Solheim i sivil spelar ordførar på scenen, og kven spelar varaordførar på scenen? Jau, det gjer ho som er ”varaordførarsøster” i sivil. Kosteleg! Og ordføraren vert ”kjæleg” snauklippa, og han får alle sine facebookvanar og andre uvanar  bretta ut på scenen. Han er lat og ”topp motivert”!

Lokalrevyen sitt vesen er å plukke fram dei som stikk seg ut, og meggene fråtsar i late mannfolk. Late brubyggarar på Dalsfjordbrua. Dei ausar opp typane frå torsdagsdansen og frå Guddalen. Skytebasar og smadrarar. Og publikum ler og kosar seg. Og Meggene kvir seg ikkje på det kjønslege heller. Dei svingar  om seg sexleikety. Ja, dei slår opp ein koffert med det eg kallar lauskukar. Kofferttenkjing i stort format. Sjølv om dei spelar herleg friskt på det kroppslege, så dett enkelte poeng i billegaste laget.  

I år lugga det litt på flyten og det tekniske på premièen, og songpresasjonane var litt ujamne. Elles var Meggene premièreklare, og dei kan stø seg til eit framifrå band. Kostyma er føreseggjorde og scena er som vanleg enkel – nesten Black Box.

Høy på landet, er eit av dei desiderte toppnummera i revyen. Eit ellevilt nummer om omveltningane og nye produksjonsmulegheiter i landbruket. Eit nummer til å verte rusa av. Humør, sprut og ellevilt typespel er som vanleg Meggene sine ypparste revykvalitetar!

Men! Det er alltid eit men. Litt for mange av dei faste typane ”går att” kvart år utan at framdrifta er påfallande. Det vert mykje repetisjonar. Eg vågar påstanden: Dei revyflinke Meggene utnyttar ikkje potensialet sitt. Eg trur det kjem ein dag då dei vil måtte fornye seg. Kanskje er det betre å ta den fornyinga før det vert for seint? Kanskje det trufaste revypublikumet i Dale fortener å sjå meggene i ny dressur?

Ein regissør utanfrå vil kunne heve revyen ytterlegare. Meggene har eit lite og  kompakt ensemble av god kvalitet. Ein regissør utanfrå vil kunne skjere ned og stramme inn og skape meir variasjon mellom nummera. Mange Megge-beundrarar vil kanskje undrast over dette rådet, så la meg understreke: Dette er mitt mest velmeinte råd for at Meggene skal kunne heve seg ytterlegare. Det har dei tvillaust potensiale til å gjere! Men då må dei tore å sleppe til ei regissør-megge ……. med kniv!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *