Kulturprisar i hytt og pine?

Korkje Fritjof Urdal eller Stig Eikås er foreslått til Fylkeskulturprisen - der dugnadsfolket skal dømast mot direkktørane og oppstartarane mot veteranane

Høyr kulturmeldinga

I år har interessa rundt fylkeskulturprisen vore gledeleg stor. Det haglar med kandidatar. Frå artisten Tone Damli til festivaldirektøren Hilde Bjørkum. Frå dei glade amatørar i Bremanger Musikklag til NRK-luttegutta Stian Sjursen Takle og Stein Aase. Kommunane strør om seg med kulturprisar eller nærslekta eldsjelprisar. Det nyaste skotet på stammen er journalistlaget i fylket sin ekstraordinære kulturpris utdelt ekstraordinært ”berre i år”.

Kan det gå inflasjon i prisar? Svaret mitt er nei. At vi heiar fram kulturell innsats er både flott og viktig. Viktig for å heidre. Viktig for å skape debatt. Meiner eg. 

Men også viktig for å dekke over dårleg samvit! Ja, eg meiner verkeleg at dette er eit aspekt som ligg like under overflata i all denne kulturprisinga. Samfunnet veit so inderleg vel at kulturfolket ikkje alltid får betalt for den livgjevande kulturinnsatsen sin. Då tyr ein til blomar, gode ord og prisar med ein liten sjekk stifta på gratulasjonskortet. Eg trur prisane starta som ei slags påskjønning for kulturdugnad. Men statuttane er vide, og dei som deler ut prisar står ofte heilt fritt. Dei står også fritt om dei vil gi eit skulderklapp for ein oppstart eller for ein eineståande innsats akkurat i år ……eller kanskje ein vel å gi prisen etter ”lang og tru” teneste. Unntaksvis gir ein også prisar som eit hint for å få folk til å gi seg, slik at nye krefter kan få sleppe til.

På same måten som for fredsprisen er kulturprisar er heldigvis aldri rettferdige. Kulturprisane seier meir om utdelaren enn om vinnaren. Fordi ein skal døme i tusen sjangrar samstundes. Fordi oppstartarane skal dømast mot veteranane. Fordi dugnadsfolket skal dømast mot direktørane. La meg male ut dette siste poenget ved å bruke fire nemnde kandidatar til fylkeskulturprisen:

Tone, Hilde, Bremanger Musikklag og radarparet Stian og Stein. Tone er kommers artist som har streva seg meisterleg fram frå Idol. Hilde er kaptein på eitt av flaggskipa våre – folkemusikkfestivalen – med fast og velfortent kapteinsgasje. Dei glade og flinke amatørane i Bremanger Musikklag aktiviserer seg sjølve og gleder oss andre med drivande oppsetjingar. Lutteranarane Stian og Stein gjer manns kulturjobb i den ”verna” bedrifta NRK. ”Verna” i tydinga ”lisensverna”. Det er innlysande at eg kunne valt andre og fleire døme og spekteret ville vorte endå vidare.

”Pyntepris” frå journalistlaget? Kulturprisen frå journalistlaget er verd ei lita utdjuping. Prisen til Stian og Stein er velfortent og lett å forstå. Men eg vil fabulere litt ved eit anna aspekt med kulturlovprisinga frå journalistlaget. Det knyter eg til «Årets Pressepris» som Bård Siem i nrk fekk for å setje søkjelyset på mobbestriden i Fellesforbundet. Heilt sikkert velfortent den også. Men høyr eit viktig poeng: Prøv å tenkje – reint teoretisk altså – at Stian og Stein fekk ”Årets hovudpris” for kulturinnsatsen, medan Bård fekk den ”årets eineståande og unntaksvise prisen” for gravande journalistikk. Eg trur det er utenkjeleg også i journalistlaget, og stiller spørsmålet om kvifor det alltid er slik at kulturprisen vert ”den ekstraordinære pynteprisen”?   

Er debatten viktigast? Same kven av dei 30 kandidatane som får fylkeskulturprisen, så gjer eg på førehand djup helsing og gratulerer. Prisvinnaren har heilt sikkert fortent stasen og pengane, men utdelinga seier alltid mest om utdelaren. Eg skal ikkje ta glansen av prisvinnarane, men kanskje skal det vere slik at debatten om kulturprisane og utdelarane er viktigare enn kven som får pris?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Kulturprisar i hytt og pine?

  1. stig eikaas sier:

    Hei gamle kulturørn med fugleperspektivet og takk for sist – husk! Du med et håndtrykk lovet det tredje trinn- til ære for kulturen. Hvorvidt jeg er veteran, oppstarter, direktør eller dugnadsaktør er ikke lenger godt å si, men at jeg fortjener en eller annen fylkespris har du jaggu rett i. For makan til kulturinnsats gjennom 16 år vil aldri finne sin make. Du husker dine ord om markedsgenial. Hehe. Møt opp som kulturmelder i Gloppen Skulpturpark Byrkjelo Lørdag 3 Desember klokka 1300. Da skal du få problemer med å holde følge som kommentator. Om du da ikke er like stor atlet som undertegnede. Etter lengre tids innsats står Audun Hugleiksson for tur. 3,5 i høyden, mest sten og noe stål. En darling jeg aldri vil drepe i ettertid. Noe som er tilfelle med enkelte andre verk fra min hånd. Johs. B. Thue. Randi Førsund. Oddvar Torsheim etc. bidrar alle med sin kompetanse. I fylkesperspektiv blir dette en såkalt storkulturhending, med muligheter for oppmøte som tangerer Odd-Bjørn skulpturen i sommer. Altså en stortrommesak i klassisk Eikaasstil. Tenk at det stilte 25, og flere derav østfra, til åpningen i Lærdal! Hvordan vil det gå i Førde tro. Å håpe på omskolering er jo et håp. Om man fortviler før jul så er det lys i tunnelen. For Fritjovgiganten er rundt svingen – altså rått BIG BANG. Med alltid vennlig, faglig, humoristisk, ironisk og filosofisk hilsen fra Stig Eikaas.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *