Kåseri om valvaka på Sunnfjord Hotell

Konfirmanten hadde slege om seg med store ord på Samvirkelagstrappa

Radiokåseriet om valvaka

Felles valvake i Fjordafylket på Sunnfjord Hotell er som ein gamaldags bygdefest. Hit kjem dei store. Hit kjem dei små. Hit kjem dei rutinerte festløvene. Hit kjem konfirmantane. Dei sjølvsikre og dei som bit negler. Klokka er snart ni på kvelden og det skal spelast opp. Alle veit kven som spelar i kveld. Det er folket. Det skal dansast til  26 nummer. Eitt fylkestingsresultat frå kvar kommune. Kven skal ein by opp i sjukehusvals i Eid? Kven skal du få fylgje heim att i natt? 

Fyrst kjem veggprydene. Det er Norvald Nøringseth frå SV-slekta og Trude Brosvik frå KRF-sekta. Avslappa og blide. Dei veit at dei er sjanselause – i utgangspunktet, men dei er rutinerte nok til å vite at om det vert slagsmål mellom dei andre, då gjeld det å vere edru og klar – slik SV og KRF gjerne er – for å kunne gripe den uventa sjansen du kan få på ein bygdafest. Noralv Distad frå Høgdegarden i Høgregrenda er litt meir snurten. Han trudde seg nok til større oppgåver, men må innsjå at det vert å slite Høgrebenken i ei krå i skuggen ved omnen. Der roar han seg.

Så kjem den unge og urutinerte. I konfirmasjonsdressen. Han har heile veka vore sleivkjefta på Samvirketrappa. Har spreidd om seg med alt som bygda skulle ha gjort. Om kor enkelt alt er. Frank Willy gjer ein brautande FRP-entré. Dei andre snur seg bort. Dei veit at han har den glattaste tunga og den mest nyraka sveisen. Men dei vil ikkje vite av denne betrevitaren som kjem med nye tankar, og som til overmål truar med å flytte til feit jobb i Oslo, om ikkje bygda vil høyre på – ja nettopp, høyre på han.

Så kjem dei to alle har venta på. Som dronningar til slutt. To besteveninner. Hand i hand. AP-Åshild og SP-Jenny. Men er ikkje smila litt stivare i kveld? Nokon kviskrar i krokane om at dei har krangla før dei kom. Kven skal gå først med klubbe og kjede? Kven skal dilte tre skritt bak og bere veska og tørke opp der andre har søla?

Så til Mediefolket. Før midnatt kjem dei som alltid lagar kvalm fram på dansegolvet. Mediefolket. Dei yppar som vanleg til bråk slik at dei får noko å sladre om i avisene sine og på eteren, og slik at vi andre kan legge ut kampbilda direkte på Facebook. Så går det eit gisp gjennom dansesalen. SP-Jenny og AP-Åshild går på do i lag. Journalistane hamrar på døra, og vil inn og kike. Veggpryda frå SV-slekta og KRF-sekta har reist seg, men vert ståande ved stolane på vent.

Det er dramatisk. Då går lyset! Folket har ikkje spela ferdig. Siste dans er Florø-songen, og så går lyset. Dirrande venting. Bygdefolket bed to bøner. Dei bed om at straumen må kome att så Florøfolket får spele den aller siste klinlåten. Då er det siste sjansen for å sjekke friarane før morgonen lysnar. Og dei bed om at AP-Åshild og SP-Jenny må kome ut frå do og danse siste dansen med dei. Lyset kjem att i tretida, og Florafolket syng Florø – Florø – Florø og gaular ut i valrus: Åshild – Åshild – Åshild.

Åshild og Jenny kjem nysminka ut frå do. Smila er stramme, tårene er tørka. Distad frå Høgregrenda ropar ut at han er eit godt gifte frå storgarden øvst i bygda, men dei to dronningane går rett forbi han. Berre SP-Jenny stoppar opp litt opp ved han og raudnar kledeleg. Då reiser ein slugger seg frå AP-benken. Det er slosskjempa Kjartan Longva frå Høyanger – bror til AP-Åshild – som gir Jenny eit drepande blikk – ei  ordre om å danse Florødansen. Og Åshild og Jenny dansar siste Florødans i klinsj. Det er Åshild som fører. Jenny ser i golvet, men fyl takta.

Som Tuppen og Lillemor har bestevenninnene krangla, men no ser det ut til at dei har funne saman att. Hand i hand spring dei til radiostudio syngande:

Kom å bli med bort i våres gard – Vær’ke sinna på meg mer!

Vi skal skli på kjellerlemmen – Mens de andre står og ser.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *