Valkampen – sakene – personane – humoren …..

Radiomeldinga mi om valkampen

«Skule- og veg» har vore dei viktigaste fylkesdebattane. Kulturdebatten har vore nærast fråverande i skuggen av den oppsvulma folketals- og næringsdebatten. I kommunevalkampen hadde eg venta meir samhandlingsreform (helsereforma). Ordførarvalet har hatt mest temperatur i Eid, medan Frank Willy-partiet har vore klårast i fylkesvalkampen.

Kommunedebatten: Hadde trudd det skulle verte meir helsereform (samhandlingsreform). Den er stor og tung og skal starte si innfasing frå nyttår. Den legg opp til og den vil framtvinge samarbeid mellom kommunar. Hadde trudd vi skulle debattere den meir, men politikkarane visste truleg for lite, og det er dessutan lett å vike unna forpliktande samarbeidsdebattar.

Vidaregåande skule har vore viktig. Særleg den delen som vedkjem raset i elevtalet framover. Med unnatak av FRP med Høgre på slep vil dei fleste partia vente og sjå. Dei tek ikkje inn over seg alvoret i situasjonen. Dei er unnvikande på eit spørsmål som garantert vert viktig i valperioden.

Veg er ein viktig gjengangar i fylkeskommunen. Her er mykje rare prioriteringar – ofte med finansiering i lause lufta. Fylkespolitikarane har to roller – ei prioriteringsrolle og ei ombodsrolle for å presse fram meir statspengar. Engasjert vegdebatt, som neppe har gitt oss avklaringar.

Den store folketals- og næringsdebatten vart mest ”besvergelsar og fromme vitnesbyrd”. Her svingar fylkespolitikkarane seg med store ord sjølv om verkemidla er avgrensa. Dei har derimot nokre kulturkroner, men kulturdebatten har vore nesten fråverande.

Sjukehusdebatten har som vanleg ”sveve over vatnet”. Dette er ikkje ei kommunal eller fylkeskommunal sak i snever forstand, men saka er så viktig at den har vore sentral i valkampen nord for Nordfjorden. Ja, i Eid kan denne debatten avgjere ordførarvalet. Vil AP-ordførar Sonja Edvardsen verte straffa for AP-Helsestatsåden sine sjukehusinnskrenkingar i Nordfjord. Kan den veltalande og rutinerte Venstretoppen Alfred Bjørlo lage valskred?

Så personane? Kanskje vi skal starte nettopp med V-Alfred i Eid, som er den mest markante ordførarkandidaten i fylket. Han har nærast drive amerikansk presidentkampanje, og han var tøff nok i trynet til å utfordre borgfreden etter 22. juli. Han stempla Helse Førdeleiinga for å drive politikk når partia hadde landesorg. Dette var eit utspel heilt på kanten, men skal ein tru meiningsmålinga i Fjordabladet, så har han vunne på det.

Frank Willy, Jenny og Trude er dei tre mest markante fylkestoppane. På tredjeplassen har eg Trude Brosvik KRF. Ho er alltid ”på”, sakleg og rutinert. På andreplassen har eg Jenny Følling. Ho jagar klubba. Så energisk at ho av og til verkar nervøs. Eg held ho som favoritt til ordførarklubba. Ja, det gjer eg sjølv om AP skulle få flest mandat. Likevel; Valkampvinnaren er Frank Willy Djuvik frå Frank Willy-partiet. Medan dei andre partia har hatt eit lag, så har Djuvik stått som einsleg gallionsfigur for FRP – alltid blid, pågåande og veltalande. Og viktigast: Han er den klåraste politikaren i fylket. Korleis det vil gå med partiet FRP viss Frank Willy vert generalsekretær i FRP er ei anna sak. Det er eit paradoks at han som starta valkampen med mål om at folketalet i fylket skulle auke vurderer å flytte til «eit feitare kall» i Oslo!

Eg må også nemne tre andre: Norvall Nøringset frå SV har fronta miljøsaker hardast – særleg Gruvesaka i Førdefjorden. Anne Viken for Dei Grøne har sete musestille i Sverige i vekesvis. Ho er valkampens store flopp. Flopp i særklasse og utan konkurranse. Eg må også nemne Åshild Kjelsnes frå AP. Ho siktar på fylkesordførarklubba, men ho framstår neppe som engasjert nok. Dessutan har ho vore særs uklar i vegprioriteringane.

Valkampen i lys av 22. juli: Lite endringar. Vi har alltid drive ein folkeleg lokalvalkamp i dette fylket. Ungdomen gjekk glipp av skulevalsdebattane. Slik måtte det verte i år, men det var eit tap. Det er i demokratiske debattar at politikkarar får slipt argumenta sine og at veljarane får klargjord skiljelinjer. Berre å stå å messe opp eigne program liknar mest på tilbedande og einsretta hallelujamøte!    

Valkampens «største» replikk kom frå ordføraren i Eid Sonja Edvardsen: Ho skulda Alfred Bjørlo for ”å snu vinden etter kappa”! Denne forvrenginga av ordtaket om ”å snu kappa etter vinden”, var ufrivilleg komisk sidan Alfred’en har jobba mykje med vindmøller til havs. Men ”å snu vinden” er vel i overkant – nesten i klasse med ”han som stilla stormen på Genesaret Sjø”!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Valkampen – sakene – personane – humoren …..

  1. Alltid interessant å høre dine kommentarer! Du skriver om Trude Brosvik fra KrF: «Ho er alltid ”på”, sakleg og rutinert». Jeg har alltid likt, og hatt respekt for, Trude Brosvik. Derfor var det både overraskende og skuffende at hun på direkten i NRKs valgsending fra Sogndal brukte helt feilaktige påstander om en påstått interessemotsetning mellom areal for dialyse og føde i Lærdal, som det «grelleste eksemplet her fra fylket». Og etter at hun ble gjort klar over at det var feil, valgte hun å bortforklare i steden for å rette opp. Men det er kanskje slik politikken er?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *