Blå bass

Festivalsjef Steinar Vigdal dreg opp stemninga

Høyr radiomeldinga   Høyr festivalsjef Steinar Vigdal

Denne helga valde eg kulturarrangement etter namnet. Den mest poetiske tittelen eg veit om: Blåe tonar under breen. I Jostedalen. Det er ferdagskveld. Eg sluker middagen, let Jølster vere ein transportetappe, tek til venstre før Loftesnesbrui i Sogndal, og held deretter stort sett til venstre. Det slår meg: Reisa på ein slik septemberkveld er ein del av kulturopplevinga. Dei siste solstrålane heldt framleis fyr i vardane på Sognefjella når eg slakkar opp framfor Jostedal Hotell. Breheimsenteret er nedbrent og dei blåe tonane er tilbake på hotellet der det starta for ni år sidan.  

Dei lokale først og sist. Det lokale bandet nrwy (Norway?) er fyrst på, så kjem gjestane; Linda Kvam med country og blues – før Reidar Larsen avsluttar ein gong ut på natta med den tyngste bluesen. Dei lokale heltane nrwy kan smykke seg med fersk andreplass på fylkestoppen. Men sjølv om dei lokale musikkarane er først på, så er det lokale publikumet ikkje heilt klare i startblokkene. Det er gjestar frå andre bygder som fyller opp fyrst. Helsearbeidarar frå Drammen benkar seg ein time før fyrste konserten startar. Dei er på sin årlege …. ja, nettopp Blåtur. Truleg er Jostedølene dei siste som går heim.                  

Treffplass med rom for fleire tungemål. Eg veirar fort at sjølv om dette er festivalen som i fylgje eigenreklamen serverer ”Musikk med røter hjå vanlege folk”, så er eg komen på ”årets fest” i Jostedalen. Jostedalen er ein avdal med internasjonalt tilsnitt i turistsatsinga si. Framande tungemål vert ikkje berre servert frå scenen denne kvelden.                                                                

Den langstrakte konsertsalen er fleksibelt rigga for dei ulike interessene til publikum. Fremst er det stolrekker til dels oppe på fanget til musikkarane. Bak stolrekkene pressar diggarane seg fram, og stengjer effektivt for utsikt bakover. Den dansande delen av diggarane ryddar seg eit improvisert dansegolv til sides for scenen. Her vert det dans på ”sidescenen” etter kvart som trykket stig. Bak diggarane er det ei kaféavdeling. Her kan pizza og drikke plasserast på bord. Hjå dette publikumet er matgleda truleg litt større enn musikkinteressa. Heilt bak i lokalet finn vi skranken der du får billettar og nøtter, øl og vin, pizza og godekaker. Ja, for dette er den einaste ”blå festivalen” eg har sett, som tilbyd søtekaker jamsides med ølkranane. Øl og søtekaker: det må vere ”Jostedalen spesial”. I denne delen av lokalet er musikken totalt underordna. Dette er plassen for heite gjensynsklemmar og arenaen for å prate kjenning. Her dempar musikken seg sjølv. Det er mest bassen som slår igjennom.

Eg høyrer eit ekko frå valkampen. Ord som ”Bygdeutvikling og bulyst” blandar seg i bassgangane. Det lyser bulyst av bygdefolket i kveld. Fest her hjå oss. Gjestar utanfrå på scene og i sal. Musikken var flott, men festen er langt viktigare. I bygder som tek tak. Jostedalen er ei slik bygd. Ei gjestfri og open bygd i ein trong avdal med ein iskald bre. Med blåe tonar under breen.  

Ute er dogga på bilruta i ferd med å fryse til is. På heimturen kjenner eg enno den tunge blå bassen i magen. Nesten i meste laget. Sjølv om kronhjorten på Indre Hafslo støkker meg, så slepper ikkje bassen heilt taket før eg glir gjennom Fjærland. Natta før hadde hausten strødd melis på toppane. Månen kastar lyset sitt over landskapet. Eg vert melankolsk, og lurer på korleis det vil gå med bygdene våre? Berre ein ting veit eg. Bygder som skipar til fest vil ha lys i glasa litt lenger enn dei som ikkje gidd. Blues er no blues. I kveld var det bygdeblues! 

Blues etter middnatt - Reidar Larsen

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *