Lettløyst krimgåte?

Blodfersk krim frå Rune Timberlid

Radiokutt med bokmelding

”Sanct Svithuns gåte” – blodfersk krim frå Rune Timberlid på Samlaget. Boka er skrudd saman av fire soger. Hovudsoga der krimhelten Rolf Randen susar rundt nær Stadten for å demme opp for islamistiske terroristar medan dramaet utspelar seg omkring eit lokalt asylmottak. Vi vert kjende med lokale næringslivstoppar i Selje og Måløy og deira omgang – sosialt og kjønnsleg – på kryss og tvers. Vi vert også inviterte med på ein svipptur innom mafiaen i badebassenget på Hotell Alexandra i Loen. Det er store pengar i potten, og talet på lik veks ettersom boka flør fram. 

Hovudsoga vert fletta med tre andre forteljingar. Ei gamal soge om eit skip frå den Spanske Armada på 1500-talet. Ei soge frå Stalin sine fangeleirar i Sibir. Og ikkje minst soga om det sørgåande hurtigruteskipet ”Sancht Svithun” som vart bomba i senk på Stadten i 1943.  

Boka gir gode miljøskildringar. Eit lokalsamfunn på kysten, der alle kjenner alle, får eit asylmottak som framandelement. Boka kretsar også rundt redningsselskapet og den veksande turismen i bygda – og begge desse miljøa er tufta på ”Storm ved Stadt” og ”Santa Sunniva”.

Trådane er mange, men plottet er synbert tidleg. Timberlid vev trådane saman frå dei ymse sogene for at lesarane vert lettare forvirra, slik vi skal verte i ein krimroman. Likevel vert det relativt tidleg synleg kven som er skurkar, og då er spenninga redusert til kva for ”konkrete skattar” skurkane jaktar på.

Det kan vere urettferdig å samanlikne med ”Siskin”. Men likevel: I Timberlid si førre krimbok ”Operasjon Siskin” var oppbygginga meir drivande. Boka var betre skrudd saman, og meir spennande side for side. I ”Sanct Svithuns gåte” er samanskruinga lausare, men viktigare; boka syner oss skurkebiletet klårare på eit tidlegare tidspunkt. Noko av krimtrykket vert lufta ut. Etter mi vurdering er ”Svithun” ei litt svakare krimbok enn ”Siskin”. Likevel ei god bok, men altså; eit lite knepp ned. Krim er ein uendeleg vanskeleg sjanger, for lesaren har krav på spenning heile tida. Side for side. Utan kvileskjer. 

Meir konstruert? Ja, kanskje kjem det dempa krimtrykket av at denne boka er meir konstruert enn ”Operasjon Siskin”. I den boka låg forfattaren sin grundige kjennskap til ”den gamle soga” om heimefronten i Sogn klårare i dagen. Kanskje det var medverkande til den driven som ”Sanct Svithuns gåte” manglar?

Variasjon er lov! Men bevares; eg hadde stor hugnad i å lese boka, og det må ikkje vere slik at den ekstremt gode ”Siskin” må skræme forfattaren frå å satse på nytt. Vel blåst, Rune Timberlid! Eg ser fram til at Rolf Randen ”rek i land” att, og er klar for nye oppdrag.

Litt pirk til slutt: Forlaget burde rydda bort det eg synest er litt for mange skjemmande trykkfeil.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *