Hemningslause Øyamøyar

Mona Karin Herland i ei av sine sprudlande roller

Radioklipp om Øyamøyane Sjå bilete frå revyen

”Øyamøyane” på Atløy køyrde revyen ”på helsa laus” som oppstart på krabbefestivalen der ute på fredag. Ei litt pussig revystemning. Olsok, flaggdag og flagga på halv stong. ”Øyamøyane” klarerte i spøk ”sikkerheitsrutinane” på samfunnshuset, justerte eit par små poeng som kunne støyte i sorga ….. og så gav dei gass….. slik at 300 i salen fekk løyst låtten!

Revyen var ein einaktar på 1 time og 40. Sjangeren er lettliva med ”kroppshumor” og lokale poeng. Revyen syner mange sketsjar og monologar. Dei syng mindre enn vanleg er på lokalrevyar. Litt merkeleg, for dei song godt…. Dei spelar revy på femte året på Atløy. Dette er ein damegjeng som på fleire måtar er i slekt med ”Meggene” i Dale i Fjaler. Her er speleglede og trøkk!

Dei lokale tema er kystvakt mot krabbefiske, skrantande lokalt helsestell, kommunal seindrektigheit og ein arrogant ordførar …… samt at naboane på Bulandet (som leitar etter vatn) og i Stongfjorden (som ropar på kommunalt utviklingstilskot) får sitt. Elles er det mykje ”kroppsnært”. Erfaringsvis kan ”kjønnslivsrevy” lett verte platt, og møyane er også farleg nær det platte. Men så slår dei til med ei ”skrøne” der seniordamene sladrar om korleis den ungdommelege ”trekant-sex-TV-serien” piffa opp sengehyggja. Det var meisterleg med ”pikkant” innhald og frisk framføring.

Sprut i framføringa er varemerket for revyen, og i spiss har dei Mona Karin Herland. Ho er ein eminent revyskodespelar som gir alt i alle roller. Ho er ei berande kraft på eit godt lag. Tekstane er prega av godt lokalt språk. Replikkane er velformulerte.

Men tekstane har også svakheiter. Sketsjane vert for lange, og poenga vert altfor ofte repeterte. Ein regissør utanfrå ville kunne reinske litt opp i det. Ein del av nummera er oppkok på gamle vitsar. Dette dreg litt ned, sjølv om alle nummera vert spelte med frisk ”guts”. 

”Øyamøyane” er i takt med sitt lokale publikum. Folk nikosa seg, og det var aldri kjedeleg. Det var ein einaste gong at det vart heilt stilt i salen. Det var når revygjengen på Atløy trua med å gi seg til neste år, og sette krav til ”gubbane” om at no fekk dei ta over revyarbeidet på Atløya. Dette ”utspelet” kalla ikkje på låtten. Publikum vart tvert om brått stille. Stemninga var klar – ”Øyamøyane må halde fram – dette var ikkje til å spøke med”. Å ha det lokale publikum så støtt i ryggen er ein avgjerande kulturfaktor!

PS: Lokalrevyen starta krabbefestivalen med ei del tilreisande i salen. Det meste av revyen hadde poeng som burde fryde også den delen av publikum. Takka vere hemningslause kystkvinner!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *