Tårnet først! ….Så vegen….

Doktor Kloumann fekk bygt Skålatårnet. Han hadde visjonar og solide evner til overtaling og gjennomføring.

Høyr radiopraten om boka

Eg har vore til fjells i helga. På Skåla. Eg har sett Skålatårnet for første gong. Frå sofaen! Stig Roger Eide og Inge Fænn har gitt ut boka ”Skåla – fjellet og folket”. Det er seinsommar. Selja Forlag har alt levert julegåva. Eit ”Kinderegg” av ei bok: Tre bøker i ein pakke: Ei om doktor Kloumann og Skålatårnet, ei om motbakkeløpet ”Skåla opp” og ei om kvardagsfolket på Skålastien. Eg skal melde boka med stigning i programmet.

Kvardagsfolket går ”en tur på stien”. Denne delen er etter mitt syn den svakaste. Kor interessant er det å male ut kven som er ”yngst og eldst”, kven som ”feirar førti” og kven som går ”skolause” på vegen til himmels. Greie historier i laurdagsavisa, men kanskje ikkje dei viktigaste mellom to stive permar. Men vonleg vil denne bolken kunne syne interessante tidsbilete frå vår tid når det vert lese om nokre tiår.

Skåla opp” spesielt og motbakkeløprørsla generelt er meir interessant lesnad. Vi får innsyn i slit og sveitte, guts og glede. Frå arrangørar og dugnadsfolk, frå løparar og motbakkeløpsmisjonærar. Sjølv om boka vert ståande litt nær ”Skålafolket”, så er stoffet både opplysande og underhaldande. Men dette ”nærsynet” gir deler av boka eit litt for ”religiøs preg”, der hovudføremålet ser ut til å vere ”mytebyggjing for dei fjellfrelste”!

Doktor Kloumann og det unike Skålatårnet . Den 120 år lange historia er den suverent beste bolken i boka. Det er spennande og interessevekkjande lesnad, og det er i tillegg den mest velskrivne delen. Skåla er eit fjell i Norge. På Vestlandet ved ein fjord. Vi har hundrevis slike fjell. På eitt av desse fjella står eit unikt tårn. På Skåla!

Kloumann og hans visjonar og metodar. Han ville bygge eit ”hospital” for dei brystsvake på ein forblåst og nærast utilgjengeleg fjelltopp. Han allierte seg med turistar, ingeniørar og med bygdefolket med Helge Loen i spiss. Han hadde visjonar, autoritet og overtalingseigenskapar. Han var inspirert frå Sveits. Han brukte teknisk spisskompetanse. Han involverte bygdefolket på ein nærast ufatteleg beredugnad.

Eit under at andre tok over. Kloumann døde tidleg. Men den ville idéen hans om utvikling av Skålatårnet vart teke vare på av etterfylgjaren hans doktor Brodtkorp, av Bergen Turlag, av Hotel Alexandra og ikkje minst av bygdefolket. Bygging av veg og sti har vore eit tema sidan starten, så det er i god tradisjon ein no brukar sherpaer frå Nepal til å bygge ”tofelts tursti” til helsebringande oppturar for mosjonistane og konkurransepes for eliten. Samfunnet har jammen endra seg på 120 år, då doktor Kloumann undrast på korleis han kunne få bukt med tuberkulosen.

Fin bokbunad. Tore Fossen i Inform Media har gjort ein fin jobb med utforminga av boka. Her er fine foto frå notid og fortid. Hovudfotograf for dei nye bilete er Stig Roger Eide. Ei gåvebok med solid innhald.

Doktor Kloumann er ein mann å verte imponert av. Gjennom heile lesnaden er han med meg. Han har idéar og gjennomføringskraft. Han får folk til gjere dugnad og syne kjærleik til tårnet lenge etter sin død. Når taket fyk av i orkanen over hundre år etter at han døde, så vert det bygt opp att. Og motbakkebylgja skyl mosjonistar og proffar heilt til topps på Skåla 120 år etterpå, og det hadde aldri skjedd om ikkje han hadde snakka på plass eit unikt smykke der oppe – Skålatårnet. Kloumann var ein framifrå bygdeutviklar. Logisk sett bør ein bygge vegen før ein bygg tårnet på toppen. Kloumann var klok nok til å vite at han måtte bygge tårnet først.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *