Sogndalspelarane fortener publikum

Klanen kom for å skape eit resultat, ikkje berre for å sjå på

Høyr radiokuttet om tribunekulturen   Høyr stemningsrapporten fem minutt før slutt  Sjå bilete frå kampen Høyr debatt om support i føremiddagsendinga

Tribunekultur med Klanen på besøk. Eg trekte supportargjeng, og det vart fyste omgang med Klanen. VIF-bohemar frå Oslo aust. Publikum kan delast i tre: Den hardaste kjernen. Dei som står like ved. Og røkla. Vi var 3250 på tribunen. Det var 50 frå Klanen si kjerne. Det var 15o frå Klanen samla. Dei hadde ingen fleire å støtte seg på.

Men Klanen er ikkje her for å støtte seg på nokon. Dei er her for å støtte laget sitt. I tjukt og tynt. Dei startar songen fem minuttar før kamp, og syng seg gjennom heile kampen. Det eine kampropet heng i halen på det forrige i motgang og medgang. Dei startar jobben, i staden for å vente på noko å juble for!

Dei 50 som dreg opp er einkjønna og unge. Frustrerte menn? Eg undrast på kva dei gjer på måndagsmorgonen og på tysdagsmorgonen. Men eg tvilar ikkje då det ekte engasjementet. Dei er billige i sitt kjønsprat og sitt «mord på bønder» – rituelt framført. Men dei har over 150 kamprop å velje på. Alle kan alt! Mykje er kjærleik til Oslo og Oslo Øst. Ikkje Oslo Aust! Ærleg nok. Eg er imponert. Her er disiplin og eigne vakter. Sjølvjustis. Sognepolitiet kan drikke saft!

Andre omgang og Saftkokaradn. Songen er tilfeldig og ikkje synkronisert. Dei store fanene ligg nede. Ingen gidd å lyfte dei. Sogndal ligg under 0-1, men det er langt frå håplaust. Sogndal kastar inn ein ny spiss – ein «omskulert» midtstoppar. Sogndal skapar sjansar siste minutta, men Saftkokaradn står stort sett og ser på. Og like gale: Kva gjer dei tretusen «østersane» som vaglar seg som skremde høns på tribunen til «sognesaft». Har dei fått sitt når dei har kjøpt seg inn eller fått sponsorbillett? Er dei nøgde med mat, varmestove og heit kaffi i pausen? Er dei nøgde når dei har betalt? Er dei her for å juble for siger, eller er dei her for å «mane fram» ein siger? Her ligg fire divisjonsskilnader mellom Klanen og Saftkokaradn med passivt tribunefylgje.

Når det er over 3000 mot 150, og eg høyrer Klanen diagonalt over banen i sluttminutta ……, når Sogndal pressar ved Saftkokaradn sitt mål! Då må spørsmålet stillast: Fortener Sogn og Fjordane og Sogndal eit eliteserielag? Svaret er utruleg nok – nei! Slutt på gnålet om ny miarkelspiss! Eit viktigare spørsmål er: Korleis skal publikum med Saftkokaradn i spiss ta mot nye og gamle spelarar! Mangelen på support på søndagskvelden er ei skam. Det å gi støtte til laget sitt er som eit Kinderegg: gratis, nyttig og ikkje minst moro!

Men Klanen fekk synge «gøy på landet», og den gleda er dei ærleg verdt! Velkomne att!

Flagget ligg nede hjå Saftkokaradn

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

6 kommentarer til Sogndalspelarane fortener publikum

  1. Vidar Vadseth sier:

    Svar til NRK SFJ sin reportasje om supportarkultur

    Me i Saftkokaradn tykkjer det er flott at NRK Sogn og Fjordane set fokus på supportarkulturen i norsk fotball. Me i Saftkokaradn er ein gjeng med mange nye medlemmar og gamle travarar, og me tykkjer det er fantastisk at klubben i vårt hjarte nok ein gong et kirsebær med dei beste laga i Noreg. Dette fører óg til at me får bryne oss mot Kanarifansen, Bataljonen og no sist Klanen. Med deira lange tradisjonar som supportarar og med innarbeida sangar og tilrop er det vanskeleg som relativt nye supportarar og matche dette. Ein bygger ikkje supportarkultur over natta.
    Me har fleire lojale medlemmar som reiser frå Stavanger, Os, Stord, Bergen, Trondheim og Oslo. Samstundes alle frå Nordfjord, Sunnfjord og sjølvsagt Sogn som legg ned mykje tid og pengar på å reise på alle heime- og bortekampar. Tusen takk til alle dei. Nytt av året er Hallingkokaradn som er ein gjeng på ca 30 stk som er med og bidreg positivt på tribuna. Me har fleire nye tiltak på gong for å kunne bli mykje betre enn kva me er i dag. Me skal få spredd bodskapen vår på ein betre måte enn det me gjer i dag for å få fleire ståande og syngande supportarar på Fosshaugane. Men arbeidet er ikkje lett då mange av våre supportarar bur utanfor kommunegrensa og dei einaste høva me har til å få samla gjengen er på kampdag. I tillegg stiller me i Saftkokaradn óg opp på dugnaden for å få gjennomført kamparrangementet på Fosshaugane.
    Kanskje NRK Sogn og Fjordane burde hjelpe oss å få fleire ståande og syngande supportarar? Me treng ikkje å sparkast i nyrene når me allereie ligg nede. Me jobbar knallhardt og mange av våre medlemmer tykte det var sårt å bli hengt ut slik. Den indre justisen og det å slå ned på negativ oppførsel er noko me har jobba veldig mykje med i Saftkokaradn og me har fått bukt med ein del uønska oppførsel. Målsettinga vår er å vera den ekstra spelaren, den 12.mann, som laget fortenar og me gjer det me kan for å vera Sogndal Fotball sin største fordel og hjelpar på tribuna. Me og fylkeslaget treng verkeleg meir støtte og innsikt frå det dominerande fylkesmediet enn dette.
    Og so har me ei utfordring til Hans Jakob Reite. Me inviterar deg med på Brann Stadion fredag den 10.juni til kampen mellom Brann og Sogndal. Då skal du få deg ei oppleving du seint vil gløyme. Håpar du skriv ein blogg om det óg. For då vinn me. God kamp!
    Mvh. Styret i Saftkokaradn
    Andreas Hodlekve, Arne Lomheim, Bente Ask, Geir Frode Lunden, Tonje Tangerud, Øyvind Heimset Larsen og Vidar Vadseth.

  2. Svar til NRK SFJ sin reportasje om supportarkultur

    Me i Saftkokaradn tykkjer det er flott at NRK Sogn og Fjordane set fokus på supportarkulturen i norsk fotball. Me i Saftkokaradn er ein gjeng med mange nye medlemmar og gamle travarar, og me tykkjer det er fantastisk at klubben i vårt hjarte nok ein gong et kirsebær med dei beste laga i Noreg. Dette fører óg til at me får bryne oss mot Kanarifansen, Bataljonen og no sist Klanen. Med deira lange tradisjonar som supportarar og med innarbeida sangar og tilrop er det vanskeleg som relativt nye supportarar og matche dette. Ein byggjer ikkje supportarkultur over natta.
    Me har fleire lojale medlemmar som reiser frå Stavanger, Os, Stord, Bergen, Trondheim og Oslo. Samstundes alle frå Nordfjord, Sunnfjord og sjølvsagt Sogn som legg ned mykje tid og pengar på å reise på alle heime- og bortekampar. Tusen takk til alle dei. Nytt av året er Hallingkokaradn som er ein gjeng på ca 30 stk som er med og bidreg positivt på tribuna. Me har fleire nye tiltak på gong for å kunne bli mykje betre enn kva me er i dag. Me skal få spredd bodskapen vår på ein betre måte enn det me gjer i dag for å få fleire ståande og syngande supportarar på Fosshaugane. Men arbeidet er ikkje lett då mange av våre supportarar bur utanfor kommunegrensa og dei einaste høva me har til å få samla gjengen er på kampdag. I tillegg stiller me i Saftkokaradn óg opp på dugnaden for å få gjennomført kamparrangementet på Fosshaugane.
    Kanskje NRK Sogn og Fjordane burde hjelpe oss å få fleire ståande og syngande supportarar? Me treng ikkje å sparkast i nyrene når me allereie ligg nede. Me jobbar knallhardt og mange av våre medlemmer tykte det var sårt å bli hengt ut slik. Den indre justisen og det å slå ned på negativ oppførsel er noko me har jobba veldig mykje med i Saftkokaradn og me har fått bukt med ein del uønska oppførsel. Målsettinga vår er å vera den ekstra spelaren, den 12.mann, som laget fortenar og me gjer det me kan for å vera Sogndal Fotball sin største fordel og hjelpar på tribuna. Me og fylkeslaget treng verkeleg meir støtte og innsikt frå det dominerande fylkesmediet enn dette.
    Og so har me ei utfordring til Hans Jakob Reite. Me inviterar deg med på Brann Stadion fredag den 10.juni til kampen mellom Brann og Sogndal. Då skal du få deg ei oppleving du seint vil gløyme. Håpar du skriv ein blogg om det óg. For då vinn me. God kamp!

    Mvh. Styret i Saftkokaradn
    Andreas Hodlekve, Arne Lomheim, Bente Ask, Geir Frode Lunden, Tonje Tangerud, Øyvind Heimset Larsen og Vidar Vadseth.

  3. Fantastisk godt skrevet og observert. Sogningene er ufattelig kjedelige på tribunen. Ble det for mye saft?

  4. Saftkokaradn sier:

    Me i Saftkokaradn tykkjer det er flott at NRK Sogn og Fjordane set fokus på supportarkulturen i norsk fotball. Me i Saftkokaradn er ein gjeng med mange nye medlemmar og gamle travarar, og me tykkjer det er fantastisk at klubben i vårt hjarte nok ein gong et kirsebær med dei beste laga i Noreg. Dette fører óg til at me får bryne oss mot Kanarifansen, Bataljonen og no sist Klanen. Med deira lange tradisjonar som supportarar og med innarbeida sangar og tilrop er det vanskeleg som relativt nye supportarar og matche dette. Ein bygger ikkje supportarkultur over natta.
    Me har fleire lojale medlemmar som reiser frå Stavanger, Os, Stord, Bergen, Trondheim og Oslo. Samstundes alle frå Nordfjord, Sunnfjord og sjølvsagt Sogn som legg ned mykje tid og pengar på å reise på alle heime- og bortekampar. Tusen takk til alle dei. Nytt av året er Hallingkokaradn som er ein gjeng på ca 30 stk som er med og bidreg positivt på tribuna. Me har fleire nye tiltak på gong for å kunne bli mykje betre enn kva me er i dag. Me skal få spredd bodskapen vår på ein betre måte enn det me gjer i dag for å få fleire ståande og syngande supportarar på Fosshaugane. Men arbeidet er ikkje lett då mange av våre supportarar bur utanfor kommunegrensa og dei einaste høva me har til å få samla gjengen er på kampdag. I tillegg stiller me i Saftkokaradn óg opp på dugnaden for å få gjennomført kamparrangementet på Fosshaugane.
    Kanskje NRK Sogn og Fjordane burde hjelpe oss å få fleire ståande og syngande supportarar? Me treng ikkje å sparkast i nyrene når me allereie ligg nede. Me jobbar knallhardt og mange av våre medlemmer tykte det var sårt å bli hengt ut slik. Den indre justisen og det å slå ned på negativ oppførsel er noko me har jobba veldig mykje med i Saftkokaradn og me har fått bukt med ein del uønska oppførsel. Målsettinga vår er å vera den ekstra spelaren, den 12.mann, som laget fortenar og me gjer det me kan for å vera Sogndal Fotball sin største fordel og hjelpar på tribuna. Me og fylkeslaget treng verkeleg meir støtte og innsikt frå det dominerande fylkesmediet enn dette.
    Og so har me ei utfordring til Hans Jakob Reite. Me inviterar deg med på Brann Stadion fredag den 10.juni til kampen mellom Brann og Sogndal. Då skal du få deg ei oppleving du seint vil gløyme. Håpar du skriv ein blogg om det óg. For då vinn me. God kamp!

    Mvh. Styret i Saftkokaradn
    Andreas Hodlekve, Arne Lomheim, Bente Ask, Geir Frode Lunden, Tonje Tangerud, Øyvind Heimset Larsen og Vidar Vadseth.

  5. Tilbaketråkk: Sogndal-Enga på mandag. Vi mimrer! | Klanen.no

  6. Tilbaketråkk: Supporterliv 2013 – Saftkokaradn | Klanen.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *