Melodi Grand Prix løyvinga – suksess og skandale

Neste bilde                                                                       Er Melodi Grand Prix ei fylkeskommunal oppgåve?

Kulturmelding om Grand Prix Florø på radio – (Denne radiomeldinga gjekk på direkten før vedtak var fatta – då var 900 000 kr det aktuelle beløpet)

Voi– voi! Kva er det med Grand Prix som får sindige fylkespolitikarar til å kaste vitet? Dei ausa tysdag ut 750 000 kroner til ein skarve delfinale i Florø. Den ryddige fylkesbyråkrat Jan Heggheim prøvde å oppdra dei, og synte til at TV-serien ”Oppdrag Sognefjorden” berre fekk 150 000 kroner – og det under tvil. 

Ørlandet i sommar? Ein av delfinalane i vinter gjekk etter min hugs på Ørlandet. Skal du til Ørlandet på ferie i sommar? Ikkje eg! Er det gleda av ”å vere med” eller er det gleda av å sjå seg sjølv på fjernsyn saman med ei innleiande skrytesetning og ein tominutts fylkesvideo? Nokre snakkar om at unge talent får syne seg fram på innleiande konsertar. Ja, men det får dei også i fylkeskommunen sin eigen Ungdommens Kulturmønstring.

Korleis ser ei fylkeskommunal krone ut? Kliss lik andre kroner i fylket, spør du meg. Argumentasjonen for å gi fylkeskommunale kroner er veik. Dette vitnar om ei kulturell fylkeskommune med minimal sjølvkjensle der husmannsånda rår. Er 750 000 kroner mykje pengar? Nei, kanskje ikkje, men i fylkeskulturen er det mykje! Særs mykje.

Melodi Grand Prix er kulturkroner. Det går store fylkeskommunale kulturløyvingar til  den Internasjonale Førdefestivalen, Opera Nordfjord og Countryfestivalen på Breim. Desse tre får årvisse statlege løyvingar mot at fylkeskommune og kommunar yter sitt. Fylkeskommunen yter i år i underkant av fire millionar til desse.

Dei ”disponible” midlane. Utover desse fire millionane går det om lag ein million til andre festivalar og allment kulturarbeid. I ein slik samanheng er 750 000 kr til Grand Prix i Florø mykje pengar. Ekstremt mykje pengar. I vinter rauk det med 900 000 fylkeskommunale kulturkroner til Flora-Grand-Prix, og liknande beløp vil også truleg verte omsøkt for det tredje året Florø har Grand-Prix-sjanse i denne omgang. Altså: Grand Prix i Florø får årleg nesten like mykje pengar åleine som det 30 (!) andre kulturaktørar må dele på. I tillegg har over 20 søkjarar fått avslag! Eg ser at enkelte argumenterer med at Grand Prix løyvinga gir indremedisinsk samhald i fylket. Det gjer vel andre kulturarrangement også.

Hipp hipp Flora! La meg vere tydeleg. Min kritikk rettar seg ikkje mot Florø. Dei glimrande arrangørane der ute med Per Øyvind Helle i spiss lyser av entusiasme og får på plass proffe arrangement. Florø er suksess! All mogeleg heider!

Lær av Florø! Sjølv om eg kallar det skandale at fylkespolitikarane ”let det svinge” fylkeskroner til Grand Prix i Florø, så må eg understreke at respekten min for arrangørane i Florø når nye høgder. Til andre kulturentusiastar som vil innynde seg med fylkespolitikarane, så er det berre å sende klår melding: Tenk stort! Tenk proft! Lær av Florø!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *