Bygdefest – King Size!

Madcon på fredagskvelden møtte eit engasjert publikum

Sjå bileta frå fredag og laurdagHøyr radiokuttet

Sommarfest i Førde sentrum. Tradisjon på sjuande året. Når er tuslar meg heim over gangbrua ved det gamle Ungdomshuset Viking i juninatta, så slit eg med val av sjanger. Forlet eg ein konsert eller ein kraftig oppblesen bygdefest? Ein tradisjonell bygdefest der vi drikk ute og får lov å røykje inne – i telt……

Eg prøver å feste konsertgrepet. Fokus. Fredagskvelden innfridde. Amatørane konkurrerte. Ein klok programleiar måtte oppdra det urutinerte publikumet til å ”ta vel i mot” alle, og ikkje bue mot ”Holsen”. Velfortent heimesiger til Fride Roska. Madcon innfridde. Trøkk til publikum som hadde kome nettopp for å høyre og sjå, lukte og kjenne … Madcon. Største konsertsuksessen på Sommarfesten målt med konsertfokus.

Laurdag kl 2003. «Forza» startar profesjonelt presis. Strålande framføring. Tomt på grusen. Åtte publikumarar finn scenekanten. Ein flott konsert nesten utan publikum treng ikkje kommenterast meir.

Eva dreg sine. Ho var på hi sida av elva på blanke føremiddagen for sju sommarfestar sidan. No dreg ho til seg publikum som tek til å sige på. Frå eit konsertperspektiv er det skandale at Drillo og Ronaldo i sirkusteltet har ein absurd parallellkonsert. ”Heia Norge” rungar i teltet. Kva respekt har arrangøren for artisten? Kor stor tru har arrangøren på sitt eige arrangement? Undrast eg – som elskar ”hartmakar” Drillo! «Ingenting» spelar ein omgang. Folk sig på for alvor. Vi er ferdig med tre strålande band, og vi er klare.

Søndag morgon ti over tolv på natta. I godveret. I den kalde og klåre vårnatta kjem Keiserbandet vi har venta på. Grusplassen på den gamle festplassen i Førde fyllest. Nokre få saknar bypreget mellom gatene ved Langebrua i Sentrum Sør – der den ”urbane” sommarfesten gjekk dei fyrste fem åra. Litt fleire saknar graset mellom trea – litt nærare Langebrua – frå i fjor. Eg sit att med eit inntrykket av at det har vore koselegare og meir stemningsfullt før. Likevel: Det er trøkk! Teltet tømest. Publikum møter heltane. Keisarane. Heilt Konge!

Men sommarfesten er ingen konsert! I hovudsak. Skal eg vere rettferdig, så må eg vurdere det som ein god gammaldags bygdefest. Ungane får sitt tidleg på dag – les fredag – og sendt til sengs. Dei tradisjonelle slosskampane – som var ein del av folkeforlystelsen på dei gamle bygdefestane – går her føre seg i edru tilstand på dagtid laurdag. I Elverittet på Jølstra med sjølvlaga farkostar. Denne gongen vinn «slosskjempene» frå Stongfjorden over ei røys med heimelag. Men det vert sikkert ”Omkamp på Nes” – som Prøysen skriv.

Null publikum på fyrste band er sjølvfylgjeleg – i bygdefesttradisjonen. Festen har starta i dei tusen heimar med ymse slag førespel, der folk kan prate og kose seg og bestemme høgda på musikken og prisen på drikkevarene sjølve. På bygdefesten drit vi stort sett i kven som spelar. Vi kjem for å møte kjenningar på treffpunktet. Dei kjæraste og næraste. Og dei vi møter så altfor sjeldan. Vi tek med ”oss sjølve og vår gruppe” inn på bygdefesten. Gruppa på scenen er laaaaaaaaaangt underordna.

Drillos på grus! Og her kjem fotballkampen inn som ein suksess. Klart at folk må få ta med seg Drillos inn i ølteltet på bygdefesten. Alt anna ville vere skandale! Sirkus i sentrum!

Men alle som kjenner bygdefestsjangeren, veit at alt bygger opp mot finalen. Dei tre siste. Dei tre siste dansane då alt skal sjekkast ut på kort tid. Då skulle alle inn. Alle som hadde drukke seg opp ute. Skulle inn. Det er berre dei som ikkje når dei tre siste, som kjem for seint. For seint til å nyte dei korte minutta. Omgruppere festgruppene slik at det laget som skal spele ”etterspel” vert eit anna – og vonaleg meir utfordrande – enn dei som spelte ”førespel”. ”Dei tre siste” dansane er starten på ”etterspelet”, og då gjeld det å vere lett på føtene.

Keisarane tømer teltet. Får alle ut på grusen. Vi er på «dei tre siste». Bygdefesten når sitt klimaks. Strålandes arrangement i sin sjanger. Sommarfest i Førde er Bygdefest King Size!

PS: «Utstillingsplassen» får nytt innhald for meg denne kvelden. For det er ein ting eg undrast over når eg går forbi Viking på veg heim. Det er ”gutta i buret” – av alle kjønn. Den moderne utstillinga på denne utstillingsplassen som vart laga til dyreutstillingar. Bygdefesten har fått eit nytt element – VIP-avdelinga. Bak gitter og med kvite dukar på borda viser VIP-folket seg fram. Kvifor? Dei har litt betre plass enn oss andre, men denne kvelden er det plass nok til alle. Dei har kortare køar til mat og pissing, men Sommarfesten har stort sett grep på kølengder og annan logistikk. Er det ein usmakeleg måte å vise fram kven som har betalt mest til gildet? Kanskje frå eiga, men mest frå andre si lommebok? Om nokon hadde prøvd seg med slikt jåleri på dei gamle bygdefestane, så ville dei fått real juling!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Bygdefest – King Size!

  1. sogndalstudent sier:

    Eg må seie meg einig i mykje at det du skriv. Men eg vil få inn eit litt anna perspektiv på det du beskriv som «folk som vil vise seg fram».

    Hadde det ikkje vore for bedrifter som gjekk inn med kapital ville ikkje denne kvelden vore noko av. Dei har kome inn med fleire hundre tusen slik eg har forstått det. Det er ein fundamental del av heile sommarfesten. Det at dei kan få sin eigen bar, matstasjon og toalett synest eg er heilt topp. Dette kan gjere at bedriftene kan gje sine ansatte ein litt anna logistikk på festivalen. At ein skal dra dette over til noko negativt er jo veldig typisk det å vere frå bygda. Janteloven står sterkt her hos oss.
    Eg vil heller rette ei takk til alle dei bedrifter som har brukt tid og penger på å få til dette fantastiske arrangementet for sjuande år på rad. Det er sjølvsagt rom for forbetringar etter årets arrangement.
    Det har etter kvart år vore kritikarar ute å blåst i sine gylne trompetar. Blir spanande å sjå kva forbetringar arrangørane gjer til neste år, og kva vi då vil ha annleis.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *