I skuggen av Varg

Dette er inga kulturmelding. Dette er bloggaren sjølv som kjenner på magekjensla. «Lensmann i krimfilm». Kor sentralt er det? Svaret får eg i kveld. På festpremièren. «Kjem eg på» tre sekund i eit streif? Kjem «helikopterscenen» med? Pjuuu….
Ikkje vert navleskodande no, Hans Jakob. Hugs på kor kjekt det var å fylgje det proffe filmlaget ei heil veke i sommar. Hugs på kor kjekt det var å få kle seg ut i politiuniform i dagesvis.
Eg ynskjer meg tre sekund, men veit innerst inne at då ville sjansen vore større om eg hadde fått rolla som lik!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *