Fjern og diffus – men meir enn tre sekund

Festpremièren og premièrefesten er over. Varg Veum i Angedalen er komen på skjermen. Eg er statistlensmann. Alt det kjekke i sommar skal toppe seg på skjermen. Eg vonar på tre sekund. Eg får litt meir. Der er ryggen min, men det er det berre eg som veit. Der sjekkar eg kjellardøra uskarpt medan Varg spring opp trappa. Der dirigerer eg trafikken. Framleis diffus i bakgrunnen når viktige folk kjem til gards. Det er dei unge og spreke «lennmannsdrengane» som synest mest, medan «gamlelensmannen» er medhjelpar som trafikkdirigent.

Så kjem «helikopterscena» eg har skrytt av: «Lensmann i helikopterscene i krimfilm». Slikt luktar svidd. Sanninga er den at tunet vert filma frå helikopter medan eg dirigerer inn ambulansen. Der står eg, bestemt med ryggen til og akk så fjern. Eg skal klokke dette i detalj når dvd-en kjem på marknaden. Då skal eg også klokke kampscena det tok nesten fem timar å spele inn. Sær klokking for oss som var i Angedalen i sommar.

Eg ser ikkje filmen ein slik kveld. Eg ser den lokale scena med folk og natur. Og det absurde. Til dømes: Når Varg hiver seg i bilen på veg til Bergen, kjem han i neste sekund kvinande ned gjennom Holsen-grenda på veg mot Førde. Bråstopp i hovudet mitt. Heia turistvegen over Gaularfjellet. Vil den vakre naturen i krimfilmen auke trafikken i sommar? Neppe!

Når filmen er ferdig med Lavik-ferja kan eg puste ut og konsentrere meg om det som rullar over skjermen. Eg trur den er god, og fin i høve boka. Men eg veit det ikkje. Her står eg for nær, sjølv om eg sit på åttande rad.

På veg ut av salen tikkar det inn ei skrytemelding. Dottera mi i Oslo har sett meg i uniform midt i biletet på riksdekkande TV. Neppe frå filmen, tenkjer eg, og får rett. Det er eit klipp frå i sommar, der eg fekk breie meg i unifom på skjerm. For slik er det for oss statistar i film. Du kjem naturleg nok nesten ikkje med i filmen, men du kan få sceneplass i lokale media og eitt sekund på Dagsrevyen. I uniform! Storarta!

På premièredagen får NRK filme Varg. I sommar måtte lisenskanalen ta til takke med ein lokal lennsmannsstatist og nokre levande lik, for då hadde VG fått riksmonopol på Varg. Slik er film. Slik er kommers. Slik er spelet om media. Kjekt og lærerikt å få vere så nær at eg hadde vesletåa i dørsprekka. Neste gong det vert filming, så melder eg meg til teneste for å lære meir. Eg skal vere kjapp på avtrekkaren!

PS: På rulleteksten stod namnet mitt klårt og tydeleg. Rett nok mellom tusen andre………

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Fjern og diffus – men meir enn tre sekund

  1. Godt skildra Hans Jakop, du var heldig du som kom med. mannen min vart berre med på rulleteksten og han var nøgd med det. Eg som stod i regnveret ein heil dag uten å bli brukt var og nøgd. Det var så spennande å vere der, at eg gjer det gjerne ein gong til. Filmen har fått ein firar av tv2, Eg gjev dei ein 6 ar, berre avdi eg fekk sjå, korleis dei laga film 🙂

  2. Heidi Vallestad sier:

    Eg såg deg, eg og, iallefall nokre av dei klippa du nevner….Men du har rett i at handlinga blei underordna. Eg var iallefall mest opptatt av korleis Varg og kompani virra rundt i Sunnfjord og Sogn, og tok ferja først eine vegen, så hin vegen. Jaja, morro var det å sjå iallefall!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *