Florarevy 2011 – Hiv & Voi – lokalrevy i fylkestoppen!

Årsmøte i Florø statueforening

Årsmøte i Florø statueforening

Florarevy av gamalt godt merke. Som alltid med eit drivande orkester leia av Arne Sunnarvik. Er sterke på skodespelarprestasjonar og speleglede. Dei syng steikje godt og dansetroppa er medspelande og har gode revydansarar. To så gode karar i revydans er eineståande i fylket. Eineståande på sitt vis var også dansaren Bengt Solheim-Olsen – ordførarkandidat for Høgre med nettingstrømper – i dansenummeret valflesk. Han hadde definitivt øvd!

Av andre enkeltprestasjonar vil eg trekke fram den drivande gode songaren Ann Kristin Takle Winterthun og ein kinesarmonolog av Roy Austbø framført i toppklasse.

Temavalet var naturleg nok alt frå Grand Prix til Hells Angels-aspirantane, og frå kommunepolitikken til det store byjubiléet. Florarevyen har tradisjon for mykje hylling av seg sjølve. I år var ein eigen heimflyttarhyllest ein sikker vinnar strålande framført av Ingvar Hopland. Og jubilégeneral Edvin Helgheim vart hylla så det nesten tippa over i ufrivillig parodi.

Revyforma høver oftast best der ein torer å dra til mot sine eigne. Eitt kosteleg nummer i så måte er når revyen raljerer med sildebordet som illeluktande og gamaldags. Eg likte også særs godt nummeret om ”Årsmøte i statueforeningen”. Aktuelt, orginalt, litt bitande og morosamt.

Elles sparer ikkje Florarevyen på kjønns- og homsehumoren. Dette slår i publikum, men nokre gamle vitsar kunne vore barberte, og billigpoeng om homseri bør neppe vere ei revymessig naudløysing i tide og utide.

Lokalpolitisk slit kanskje Florarevyen med å ha ein ordførarkandidat på scenekanten, medan ordføraren sit i salen. Då vert det lett for at den debattglade Jacob Nødseth får ei vise for mykje, for å seie det slik. Men bevares, den unge Jacoben har geberda seg slik at han har laga stoff til ein heil revy åleine. Eit paradoks ved Florarevyen er det at i Florø er det dei etablerte som står på scenen …..og drit ut oppkomlingane. 

Florarevyen var i år kortare enn han ofte har vore. Likevel er noko lite bearbeidd, slik som eit litt utflytande nummer om kommuneøkonomi mot slutten, og det faktum at ein spelte om at nummer frå sommarrevyen. Samla sett vart dette ein Florarevy litt under pari. Kanskje den ber preg av at jubileumsåret saug krefter? Ikkje rart i så fall.

Men oppsummert: Her var evig nok av sprut og glede, topp sceneprestasjonar og lokalt harselas til at eg kan slå fast: Florarevyen er definitivt ein av dei beste revyane i fylket, og den vert møtt av eit overstadig publikum. Ingen plass er det ståande applausen så høgt på tå som i Florø!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *