Kjippen – unik bykultur i bygdefylket

Kjippen er nyttårsopptoget i Florø by. Bittelitt karneval, men mest hemningslause ”julebukkar”. I år skulle Kjippen overgå seg sjølv ved inngangen til 150 års byjubileum. Eg vel å vurdere Kjippen tredelt.

For det tredje; Tusenvis av byborgarar og ein del tilreisande strøymer ut i gatene og helsar kvarandre Godt Nytt År. Dei nyt seg sjølve berre slik Florøværingar kan gjere, og jubileums-Kjippen gjev gode voner for bypatriotismen og byfeiringa.

For det andre; Mange gjekk i toget – meir eller mindre utkledde – og med sine små og ”heimelaga og spontane” plakatar. At så mange har tradisjon for å kle seg ut og ”stille på” gjer opptoget til ei glad massemønstring – eineståande i fylket – unikt i Noregs land. Gratulerer!

For det første; ”Kjerne-Kjippen” – fordeler oppgåvene seg i mellom i romjula, og syter for at oljefata er på plass på slaget tolv. Dei likar å framstille seg som uorganiserte anarkistar, men det er likevel tydeleg at ”noen har snakket sammen”. Desse tek grep slik at dei store ”doningane” vert laga og kjem først i toget. I år kunne ”Kjerne-Kjippen” fråtse i godbitar, men dei kom likevel i mål berre ”litt over det jamne”.

Det beste fyrst; Å halde ap med aksjonen for Simon flyktning og kyrkjeasylet – det må vere i beste Kjippen-tradisjon. Herleg politisk ukorrekt! Dei bar heile Florøkyrkja med seg dekorert som ”Holleviks Reisebyrå – frå Italia til Flora utan ei krona”!

Kampen om plasseringa av NAV-bygget vart teke på kornet. Kommunelege og AP-politikar Jan Helge Dale fekk harselas for sine mange roller i doningen ”Dales Inha-bil”. Han strødde om seg med pengar frå ”NAV-vogna”.

Byfornying og Florø-sjela var eit anna tema. ”Ta av deg lua, set fyr på bua” var ei oppfordring til huseigar Stenbakk, og i Kjippen er det lov å påstå at andre byfornyarar har brukt fyrstikkmetoden før …… Førde får stryk og neppe kirkeasyl. Kommune-samanslåing over bygrensene er som å banne i kirka i Florø i Jubileums-Kjippen.

Kva eg sakna???? …. Jau, eg sakna tre profilerte bykjendisar i Florø. Ordførar Bente Frøyen Steindal må vere overkvalifisert med sitt demokratiske sinnelag og lukka møte. Ho slapp billeg. Høgre-kyllingen Jacob Nødseth har terga både AP-ordføraren og laga «halloi» i eige parti, men han vart knapt nemnt med eit ord. Og eks-statsråd Heidi Grande Røys fekk kome heimatt til Florø by utan at Kjippen gav ho den ære ho hadde fortent!

Kjippen gav sitt årvisse og særmerkte tilbakeblikk på Flora-året som gjekk. «Doningane» vart til slutt brende på bålet, og Florøværingane er ”rensa og klar” for jubileum. Kjippen er ei glimrane blanding av usensurert revy og julebukkopptog. Nokre likar å kalle det karneval, men karnevalsusen er berre litt tilstades. Karnevalet snur opp ned på ting, og det gjer rett nok Kjippen også. Karneval er erotikk, men i Kjippen kokar det oftast ned til å bere metervis med mannlege kjønnsorgan gjennom gatene. Imponerande ”potent” i kulden.

Oppsummert; Eg hadde venta litt fleire doningar i år. Utfordringane framover vert å få folk til å ytre seg så ”frimodig”, at usensurerte internettdebattar ikkje ”punkterer” Kjippen. I Kjippen trengst det heldigvis meir innsats og guts enn eit anonymt tastetrykk. Dei to viktigaste faktorane var på plass i år – folkemengd og ”doningar”. Tusenvis av folk i gatene kunne sjå at dei flottaste ”doningane” var skikkeleg laga og gav røffe meldingar!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Kjippen – unik bykultur i bygdefylket

  1. Edvin H sier:

    Og så må du ikkje gløyme at det tidlegare på kvelden var eit par tusen ute og gjekk i barne-kjippen. Massevis av glade ungar og foreldra deira i flotte kostymar. dei enda opp på Fugleskjerkaia til eit strålande fyrverkeri i ein dugnad mellom masse glade gjevarar og jubileumskomiteen! Slik kan ein få til ein kjempefest for ein billeg penge. Dette er òg Florø! Kjempestolt.

  2. Edvin H sier:

    7500 har deltatt i nyttårfesten og jubileumsfesten til no. Sjå på http://www.flora150.no

  3. hans jakob sier:

    Grunn til å vere kjempestolt. Eg melde berre det eg såg rundt midnatt!!!!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *