Frå kyrkjekor til revykor

Denne kulturbloggen er grunnlag for radioprat måndag.

Du kan høyre klippet her

Blandakoret Stormklang på Raudeberg – ei mil nord for Måløy – baud laurdagskvelden på revykonsert i samfunnshuset. Kva er ein revykonsert? Jau, det er når koret syng lettare stoff – alt frå Jakob Sande til Vassendgutane – langt på veg til dramatiserte lokale versjonar på scene og videoskjerm. Dette blandar dei saman med rein tradisjonell lokalrevy med nyskrivne aktuelle tekstar.

Hovudtråden gjennom framsyninga er livet i utkanten, fråflytting og ungkarar utan tilstrekkeleg drag på damene. Nokre poeng kjem i lågeste laget, men publikum morar seg. Vel tradisjonelt kan ein seie, men likevel ein ærleg lokal kommentar.

Korkonserten vert boren fram av koret og gode solistprestasjonar. Mange er meir konfortable med å framføre songar i høve til sjetsar. Men mot slutten av den halvannan times revykonserten tek også revypreget seg kraftig opp i song og tale. Då kjem kommunal styring av ”den store seglasen” i Måløy på scenen.
Her får ordførar og rådmann så sydvesten passar, men revyfolket på Raudeberg balanserer fint ved at dei også held ap med opposisjonsførarane i Senterpartiet, når dei raljerer med «Tande P videoen» og lekasjar frå formannsskapet. Ein god og befriande vri på temaet. Lokalrevy på sitt beste av revydebuttantane på Raudeberg.

For koret Stormklang gjer noko nytt denne hausten. Tidlegare har dei vore mest fortrulege med kyrkjekonsertar. Men no fornyar dei seg med revy. Vi ser at det store spranget kostar. Men dei har gjort lurt i å forankre revyen i korsong, som naturleg nok er deira sterke side. Tekstgrunnlaget er litt ujamnt, men på det beste er det glitrande. Dei syner stort revypotensiale med gode songrøyster, driv og framfor alt speleglede. Ein del av skjetsane ville heva seg ytterlegare med litt strammare regi og meir tempo.

Til musikk satsa dei på playback. Det er krevjande, men det flaut imponerande bra. Lyssetjinga på scenen og videokøyringa på bakskjermen sloss av og til med kvarandre, men dette er barnesjukdomar som den unge tekniske staben heilt sikkert ryddar opp i neste gong.

Når rulletekstvideoen gjekk under ståande og velfortent trampeklapp, vart det understreka at det viktigaste var å ”halde saman” i motgangen. Det var som om ”kyrkjekoret” Stormklang ville unnskylde”revykoret” Stormklang. Eg er sikker på at publikum tek revy for revy – korkje meir eller mindre. Ironien dykkar, gode Stormklang, står som ein påle utan overforklaringaer. For; Kva meir kan ei bygd ynskje seg enn eit kor som er brukande både på kyrkjekonsert og lokalrevy? Det store revypoensialet dykkar kan heilt sikkert utviklast enno vidare neste gong.

PS; I sluttnummeret kasta koret monopolpengar og sjokoladegullpengar til pulikum – til glede for meg og dei andre ungane. Formannskapet, rådmannen og ”kaptein” Helge Hjelle er mellom dei som bør kjøpe seg billett til neste framsyning helga om to veker! Her kan dei plukke både poeng, snop og monopolpengar!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *