Heilstøypt Opera Carmen!

Denne bloggen er utgangspunkt for radioprat 8. oktober.

Høyr klippet her

Første storoppsetjing i det nye operahuset på Eid. Carmen er ein klassikar der handinga har alt som trengst av song og drama. Brennande kjærleik, hat, kjølnande kjærleik, svik, smugling, livet på tavernaen og på torget. Drivande soloar, dramatiske duettar og praktfulle massescener og slossing på kniven. ”Sannhetens øyeblikk” og drap.

Å oppleve ei slik oppsetjing i nytt operahus er sjelsetjande. Ein må klype seg i armen for å sjekke at dette er i våken tilstand. Det er imponerande at ei bygd i fylket på ganske få år har evna å heve Opera Nordfjord opp på dette nivået – og attpåtil i eige hus. Operasjef Kari Standal Pavelich og dirigent Michael Pavelich kom med ideen, og dei har dyrka operaarbeidet fram i samarbeid med enorme dugnadskrefter på Eid. Kombinasjon av topp fagleg kunnskap og smittande entusiasme er ein naudsynt kraftkombinasjon for å lyfte eit slikt prosjekt. Det er denne kombinasjonen som gjer det ”usannsynlege” til sanning.

Kva er så styrken til sjølve Carmen? Eg vil framheve regissøren John La Bouchardiere. For ein ting er det å handtere ein flokk proffe operasongarar, og tonnevis med glade koramatørar. Det som gjer framsyninga ekstra stor er at song og skodespel til proffar og amatørar er limt så godt saman. Alle strekker seg mot sitt ytterste og heilskapen i framsyninga gjer susen. Alle er i rollane sine heile tida. Barnekoret er glitrande og «kvinnekampen» i sloss-scenen var ubetaleleg. Profft!

Eit godt orkester i grava og gode dansarar gjer jobben. Kostymane er flotte og scenografien utsøkt. Scena vert brukt i høgde, djupne og breidde, og enkle scenegrep for open scene står godt til spelet. Til dømes vert fengselsgitteret til taket på tavernaen på tre sekund.

Spelet har ein herleg flyt. Det er variert mellom det kraftfulle og det vare. Eg er mest imponert over dei store opptrinna. Desse store scenene såg vi mange av før pause. Etter pausen var det umogeleg å heve dette ytterlegare. Kanskje vart det litt ”flatare” etter pause – før dramaet heva seg mot finalen. Elles kan eg setje ein liten finger på at det flagra i plakatar og program til framsyninga på scenen i nokre korte bolkar. Men det var sikkert berre ein liten ”gagg”, som eg ikkje fekk grep på.

Så må eg skryte uhemma av publikum. Det å kjøpe billettar til åtte fulle hus før jonsokk er imponerande. Dette er grunnlaget for suksessen. Når det skal arbeidast så hardt, må det vere vidunderleg å ha trykket frå publikum i ryggen.

Eg har snakka lite om dei glimrande solistane. Eg nemner berre eitt namn. Det er han som er på scenen heile tida – utan å synast. Opera Nordfjord har gjort eit glimrande val i regisøren John La Bouchardiere. Han er limet i framsyninga, og resultatet er heilstøypt!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Heilstøypt Opera Carmen!

  1. Sissel Loen sier:

    Einig med Reite i kommentarane men det undrar meg at ingen har kommentert Edvard Hoem si glitrande omsetjing til nynorsk. Teksten kunne både høyrast og forståast. Flott!

  2. hans jakob sier:

    Takk for kommentar. I ei overveldande framsyning er det mangt å kommentere. Språket vert på ein merkeleg måte litt underordna i ein opera. Kanskje det er grunnen til at det spåklege vert «mindre viktig». Solistar syng på vokalane og «kor er kor». Sjølv om vi hadde god «operalyd», så forsvinn noko av den konkrete teksten……. Men i opera går det ikkje fortare enn at vi heng med, likevel …..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *