Om Sigvart, Olaug og frelsa

«Nesten frelst av Sigvart Dagsland» av Olaug Nilssen. Drivande språk med nerve. Om Sigvart. Om Olaug. Om kristendomen. Om kyrkja. Om skriveprosessen. Det å skrive ei slags portrettbok, der forfattaren sjølv er ramma rundt protrettet. Ho trur ikkje, men kan sin bibel – heldigvis. Ho er ikkje lettvint – heldigvis. Ho er fornøyeleg og morosam – heldigvis. Men viktigast; Ho evnar å gå inn i temaet og vere nær personen med den naudsynte distanse. Ho held seg sjølv på passeleg avstand, slik at det ikkje vert klamt. Krevjande form. Boka står med glans. Hipp hipp for Olaug og Samlaget!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *