Bergen – ein blank småby

Landa i den lyse og blanke sommarkvelden på Flesland. Var eg framand turist, så ville den lyse sommarkvelden vere det mest spesielle i Bergen. Har overnatta på pensjonat i Marken, og ete frukost på Fisketorget. Alt til norske prisar! Hikk! Alt er så skinande blankt og reint her. Bergen – ein nyvaska småby i verda.

Vågen ligg blank. Torgalmenningen har vorte monaleg mindre. Bergensarane er tause i høve til «brassane». Har alt i Norge krympa? Nei, ikkje alt. Bokstavane Æ, Ø og Å er tilbake på tastaturet. ÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ. ØØØØØØØØØØØØØ. ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅ. Herleg! ÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅhhh!

Og der spring Tore Hillersøy frå Bulandet over Fistetorget med ein blomsterkvast i neven. Første kjentmann. Ein «travel» mann i ein døsig by. Vi nærmar oss no.

Eg ventar på Førdebussen. Kan ikkje kome meg fort nok heim. Men har likevel ein interrailtur mellom Praha og Aten paa teiknebrettet. Australia ligg der framleis i draumane…., med ei vekes stopp på tilbaketuren, …..nært eit indisk kjøken.

Men no er det Førde og Vestlandet det gjeld. Feriane i lang tid framover skal brukast her. På naustloftet til Karen Helga i Solund, og i barndomsheimen min på «Palmekysten» på Sunnmøre.

Vi kjem heilskinna heim. Vi har vore flinke. Vi har fått god hjelp. Og ikkje minst ….. vi har hatt den flaksen som må til. No står att å takke alle gode hjelparar som har passa heim og hus, plen og pus. Takk til trufaste blogglesarar. Takk for tilbakemeldingar, SMSar og mailar. Takk for inspirasjon til å skrive.

Ein vellukka tur er over. Vi er trøytte og blakk. No er det bloggen sin tur til å ta ferie. Reitebloggen går ned på lågbluss ein månad eller so. Frå no!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *