Globusen rundt, Foerde-fri og Fleksilaan!

Kvaa maal hadde eg for turen? Spoersmaalet flotnar opp no siste veka. I landbruksetatane for 20 aar sidan var moteorda «verksemdsplanlegging» og «maalhierarki». Der laerde eg «turplanlegging». Konkrete maal var avgjerande. Det viktigaste var at det var teljbart og konkret. Daa var Landbruksdepartement og Fylkesmann noegde. Saa derfor.

Hovudmaal for turen – tre i talet:
a) – Globusen rundt. Alle meridianane er kryssa. Naar Bergensbussen kryssar ned Lia torsdag er dette vonaleg paa plass.
b) – Foerde-fri eit halvt aar. Ogsaa oppfylt. Fraa 2. januar til 2. juli. Noyaktig 26 veker. Viktig aa vere borte fraa fylket og Foerde saa lenge at ein vert svolten att. No er eg klar til aa kome heim!
c) – Bruke masse pengar eg ikkje har. Sjekka kontoane i dag. Maalet innfridd. Og takk til Sparebanken Sogn og Fjordane. For fleksilaanet. Kjekt aa ha naar det skal sloesast.

Saa var det delmaala. Enno stoerre krav til konkretisering. Eg har naadd alle fem. Foerde har fem fjell, og eg har vitja Pompei under Vesuv, Table Montain i Cape Town, det heilage Fuji utanfor Tokyo, Machu Pichu fjellby i Peru og Sukkertoppen i Rio. Oppfylt og kvittert ut.

Men kva er dei stoerste opplevingane? Dei tre hovudmaala eller dei fem delmaala av konkrete fjellformasjonar? La meg gi deg ei anna liste opplevingar som seint vert gloeymde. Eit slags Topp Ti. Tilfeldig og kronologisk:

1 – By – Pech, Europeisk kulturby soer i Ungarn
2 – Dyr – Elefantflokken i dyrereservatet i Soer-Afrika
3 – Spenning – Fottur bak jernbanestasjonen i Johannesburg – GISP!
4 – Kaos – Ferjekoe paa ferjekaia i Dar Es Salam
5 – Eksotisk – Zanzibar med strand, mat og bading med delfinar. Stemning fraa den indiske oceanen
6 – Romantikk – Nygift under bloemande kirsebaertre i Tokyo
7 – Vertskap – Munkane i tempelet i Japan
8 – Politisk minnesmerke – Minne- og fredsparken i Hiroshima
9 – Togtur – Fraa Cusco til Puno i Andesfjella
10 – Natur – Iguazu-fossane i Argentina paa grensa mot Brasil og Paraguay

Lista kunne vore lenger. Mykje lenger. Og annleis. Kanskje er det best aa lyfte blikket tilbake til hovudmaala…… tur jorda rundt, eit halvt aar velsigna langt heimanfraa og den sprudlande gleda eg kjenner ved aa bruke pengar eg ikkje har…….

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Globusen rundt, Foerde-fri og Fleksilaan!

  1. Jan Eide sier:

    Takkar for god skriving og at du kan dele det med oss andre. Eg har vore ein trufast lesar av dine innlegg.
    Jan Eide Kjølsdalen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *