Fjosopera på den høge C

Om du blandar fire ingrediensar får du Fjosopera:
* To gode og proffe operasongarar – Helene Haar og Ann-Beth Solvang.
* Ein låve på Åmot gard i Gaular med det gode vertskap og god pausemat.
* Eit i utgangspunktet middels kor – Kor Førde – som er akkurat så gode som dei utgir seg for.
* Erlend Samnøen som rører saman «operasviskene» til ei fin fjosopera med passe stram regi.

Av dei songlege prestasjonane held eg ein knapp på Solvang sin «Gauling i Gaular». Elles: Begge to kome vel frå dette både på song og skodespel.

Kor Førde fekk strekt seg – både songleg og når det kom an på skodespelet. I Fjosopera vart «slavekoret» frå Nebukanesar til «massiv eggløysing», og koret spelte verpande høner. Nokre var fødde inn i rollane, medan andre fekk tøygd på talenta sine. Det er i slike stunder at eit operanummer står fram litt ujamnt, men med ein ubetaleleg sjarme som kan overraske eit meir «danna» publikum. Definitivt fjosopera!

Scenografien er flott. I første akt sit vi på høyballar i høystålet, og tohjulstraktoren og låvetrappa er til å kjenne seg att i. Etter pause sit vi på stolar på lemmen. I første akt er det daglegdagse fjøskostyme, og etter pause fekk eg sjå songarinner som svinga mjølkemaskinorgana så sensuelt at det var ein fryd for ein gamal agronom.

Publikum kosa seg, og fekk det dei kom for i sjangeren fjosopera. Nokre få merknaden i margen:
* Levande høns på scenen. Eg tykte lydnivået og ståket dei vart utsett for kanskje kunne opplevast litt i meste laget ……. – i meste laget for ei høne, altså. Sidan dyrevernet ikkje var å sjå, så tok eg på meg rolla å kike litt på hønsa etter framsyning. Her var det berre ro å spore. Men likevel. Eg reagerte litt på levande høner på scenen.
* Eg opplevde at første akt i høystålet var eit hakk kvassare enn andre akt på lemmen. Reint dramaturgisk ville eg nok valt å sitje på stol føre maten – for så «å hoppe i høyet» litt seinare på kvelden.
* Og så var det prisen. Ei slik framsyning vert prisa til nesten 700 kroner inkludert pausemat. Åmot gard dreg fulle hus, og treng sikkert pengane for å få denne private kulturscena til å gå rundt. Fjosoperaen er folkeleg, men prisen gjorde at eg set ekstra pris på fribilletten denne gongen.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *