Japansk indianarhoevding

Vi fann den store roa hjaa indianarane i Andes. Vi snakka om at indianarane syner ei like stor indre ro som japanesarane. Alvorlege indianarar i Andes og smilande japsar i Japan har store fellestrekk. Tilbake i Lima snublar vi over opplysningar om eit japansk-peruinask kulturhus med museum over japansk innvandring i Peru. Vi ropar DROSJE!!! Paa vegen dit koeyrer vi forbi ei svaer statue av ein Inka-hoevding.

Interessant samling om japansk innvandring. Ikkje saa stor, men grundig japansk dokumentasjon. Og kven hadde reist indianaren vi susa forbi i drosjen… Jau, det var japanarane. Eit stort bilete av japanarar med japanske flagg som avduka det digre indianarmonumentet. Eit bilete eg seint gloeymer. Fraa 1920. I samband med at Peru feira hundreaarsjubileum som sjoelvstendig stat, saa kosta japanarane i Peru ei indianarstatue i Lima. Kvifor? Fordi dei ville terge spanjolane? Eller fordi dei kjende seg i aandeleg slekt med indianarane? Buddha og naturreligion? Respekt for ro og det aa ha sitt eige rom?

Eg spekulerer over innvandring, utvandring og kuturblandingar. Vi gaar paa den japanske restauranten og kosar oss med typisk japansk lunsj seks veker etter at vi forlot Japan. Japanske kelnerar helsar oss paa japansk. Eg kjem i hug kafeen paa SOENNER AV NORGE i Seattle i USA for sju aar sidan. Der var det norsk stemning, men likevel overstyrt av det brautande amerikanske. Paa den japanske restauranten vaar er det ogsa ei slags japansk stemning, men det er ikkje saa stillt som i Japan. Lyden av det spanske Peru i Lima gir ein annan klang. Kulturutvikling og kulturblanding. Den japanske indianarhoevdingen hadde nok kulturelt sett passa betre inn i Andesfjella, men dei plasserte han her i hovudstaden. Sikkert fordi at han skulle synast midt i det spanske…..

PS; I drosjen heim til hotellet vert vi stangande i kork langs ein murvegg. Der staar det maala SLEPP FUJIMORI FRI!!!!! FUJIMORI ER SKULDLAUS!!! Fujimori var president i Peru paa nittitalet. Foreldra var japanske innvandrarar. Han vann valet med indianarstoette sidan han hadde avstand til spanjolane. No sit han i fengsel for brot paa menneskerettane. Dei fleste trur han er rettferdig doemt, men mange hevdar at han er utsett for eit komplott av den spanske politiske eliten. Fujimori var japansk indianarhoevding paa nittitalet. No er han bura inne! Ute i det fri staar den gamle inkahoevdingen paa torget…….. ogsaa japansk paa sitt vis. Han faar staa ute i det fri. I stein!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *