Friminutt for gatebarn?

Sao Paulo i Brasil. Eg vassar i gatebarn. Vaksne uteliggarar vert paa ein merkeleg maate ein vane i storbyane i verda. Tiggande og utslegne born er vanskelegare aa fordoeye. Mykje vonloeyse, men ogsaa samhald og venskap mellom gateborna. Nokre driv ulovleg handel,og vert hundsa og jaga av politiet. Vaepna politi i firemannsgrupper – til hest!

I dag – braak og laatt i ei sidegate. Ein flokk gatebarn med salsbretta sine under armen kjem stormande. Tverrvender og rundar eit nytt gatehjoerne. Leande som norske ungar etter vellukka epleslang. Dei har rista av seg politiet. Ein stor gut held vakt. Resten slaar opp dei samanslegne salsborda sine med CD-ar og kort. Dei handlar. Det handlar om aa overleve.

Eg treng friminutt for gatelarm og gatebarn ….. nokre stoyande ….. andre utslegne. Eg ser meg rundt. Hotellet er eit stykke unna,og internettkafeane er overfyllt av dei som spelar og stoeyar. Eg kan kjoepe meg inn forbi vaktene paa ein restaurant, men er korkje svolten eller toerst. Heldigvis har vi kyrkjene. Dei er opne og stille, men her er merkeleg lite folk. Eg undrast over at ikkje fleire finn tilflukt her. Nokre kjem i kvardagskleda og med bereposane sine, og tek ein prat med Jesus og Maria. Nokre kyrkjer er moerke som synda, medan andre er lyse og ber bodskap som i salmen «Deg lysets Fader, lover vi – haleluja – haleluja». I desse lyse kyrkjene ser eg ogsaa nokre uteliggarar paa bakarste benk……. Skulle eg budd i San Paulo, saa hadde det nok vorte ein fast kyrkjegjengar til …….

PS: Kunstutstillingar er ogsaa ein fredeleg stad i bylarmen. I skyminga i kveld ramla vi inn paa ei eventyrutstilling. Illustrasjonar til eventyr fraa heile verda. H C Anderssen er den einaste fraa heimlege trakter. Lengst inne i ein moerk koridor. Tre bilete blinkar mot meg. Tre fyrstikker tender i rekkefylgje. Det roerer meg. «Piken med svovelstikkene». Sjoelv paa kunstutstilling tek du ikkje friminutt i San Paulo. Friminutt fraa gateborna!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *