Det gode liv paa landet

Ein kilometer utanfor lansbyen Chivay. Ein spasertur fraa naturvarme kjelder. Hotell paa landssbygda i Andes der vi kviler oss ei lita veke.

Berre stjernehimmelen og utesusen om natta. Om dagen ser vi smaa husdyrflokkar som vert flytta til nye beite, og indianarkonene som gjeter dyr og born ….. og strikkar. Vi ser kornaakrar som vert skorne for hand, og trusking med berre nevane og ein stokk. I nabogrenda har dei faatt seg truskemaskin driven av «eselvandring». Einaste lyd kjem fraa den vintervesle elva i dalen. Der handlangar eit arbeidslag hoeveleg murestein opp paa eit lastebilplan. Sand vert solda og lesst opp for hand. Turistane fraa andre sida av Atlanteren nyt sola. Kanskje liknar det paa ei utkantbygd i Noreg paa femtitalet?

Vi spaserer til badet. Naturleg varmt og med ei saa lang rekke med helsebringande stoff, at heile det periodiske system i realskulekjemien ryk med. Karen Helga lurer paa om det verkeleg kan vere saa helsebringande som reklamen tilseier. Eg ser paa skrottane vaare som ligg til toerk paa bassengkanten. Blaagroene skrottar ferdig salta …. ligg no til toerk i sola. «Ja, dette er helsesamt for kropp og sjel», svarar eg, «denne reklamen trur eg paa. Vi er ferdig salta, og snart ferdig toerka og speka. Etter dette vil det gaa lenge foer vi surnar og gaar ut paaa dato.»

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *