Velsigna bil!

Soendag morgon paa blaatur i byen. Eit tempel for dei som held seg til naturtrua oppblanda med ein dash Budda. Eit bryllaup. Vi naermar oss tempelporten, og kik diskret. Eg vert merksam paa ein bil med full famile i finstas. Skal dei i bryllaup? Nei, dei ventar paa PRESTEN ute. Mamma, pappa og to smaa. Presten kjem i full mundur. Opp med bildoerer og panseret til motoren. Presten velsignar den nye «bilgullet» med «roeykelse og myrra». Honda.

Saa har eg endeleg faatt sjaa det. Ein kultur og ein religion som tek bilen paa alvor. Vaart heilage transportmiddel paa liv og doed. I Norge er det berre «laagkulturelle» AM-cargubbar og andre veteranvognklubbar som tek det ukrenkelege ved gamle bilar paa alvor. Og saa russen daa, men russebilane sin rituelle sjarm.

Men her er det offisiell religion. Velsigna bil. Heilag ny bil. Eg har teke til orde for at bilbyen Foerde boer faa eit einestaa-ande bilmonument. Men kulturfiffen er nok for «radikal» og bilbransjen for gjerrig. I Foerde.

Men kanskje det vert ei raad no naar det blussar opp ny strid om moske og katolske kapell. Kva tid krev vi bilistane vaar rett til kulturell ytring? Kva tid ser vi dei foerste underskriftslistene? Naar er tida inne for aa krevje offisiell bildaap av ein prest med kappe og krage? Kanskje japsebilane kan gaa foere? Hoeyrer de paa Toyota?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *