Med munnbind til matbordet

Var ein tur paa den stooore turistinformen i Tokyo. Rett inn fraa gata i eitt av regjeringsbygga. Faar info. Vert svolten, og spoer om naeraste restaurant. »Vi har kafe og kantine i 32 hoegda. Velkomen!!!» Ho bukka djupt. Eg kjem opp i ei byraakratverd eit par hakk over fylkeskommunen og statens «Oddvar Royal Hall» paa Leikanger. Ein imponerande koekultur, der ein kan velje mellom 273 rettar. Du stiller deg i koe og betalar med japansk presisjon. Alt glir stille. Stille.

Eg rekk aa maape i 7 sekund, saa er der ei bukkande blid. Like god som meg i engelsk, og med teiknspraak paa mitt nivaa. Ho geleider. Eg peikar. Ho er borte……. Men er der att naar eg treng ho. Billeg mat og dyr cola. Ho slepper meg ikkje. Heilt til bordet fyl ho meg. Eg et og ser Tokyo panaorma fraa 32. hoegda. Paa kjoepet.

Eg ser korleis dei et i det stille. Snakkar laagt. Tek omsyn. Maa nok det her, naar dei er saa mange. Mykje folk, men ikkje trengsel. Imponerande. Ein del gaar paa gater og paa jobb med store munnbind. Ikkje i panikk mot fugleinfluensaen, men dei deler ikkje vaarforkjoelinga si med andre. Saa hit kjem dei med maten sin paa brett og med munnbindet paa. elegant kledde – med munnbind. Knepper saman munnbindet og et utan froesing og nysing. Naar dei reiser seg er bordet like REINT som naar dei sette seg. Aa sjaa japanarar paa naert hald i kvardagen er interessant. Saa godt organiserte at fylkesbyraakratane paa Systrond – og i Foerde for den del – boer ta ein studietur. Eg stiller paa som kjendtmann ……… i 32 hoegd!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *