Kryssvandring og kroppskontroll i lyskryss

Ja, eg ser baade keiserpalass og tempel. Men det kjekkaste er aa sjaa japanarane i kvardagen. I fri dressur. Eit lyskryss med enorme dimensjonar. To boulevardar moetest. Biltrafikken faar raude lys, og fotgjengarane «rular» heile krysset. Ikkje berre paa tvers av dei fire breie gatene. Men her er ogsa kryssande diagonale gangfelt i krysset. Korleis skal dette gaa? Diagonalane kryssar kvarandre midt ute i krysset.

Eg vert staa-ande og maape. Japsane smyg seg i stort tempo mellom kvarandre. Dei «flettar» utan aa noele. Utan knuffing og sinte ord. Stille. Eg kjem i hug ei soge fraa lyskrysset i Foerde. Ein japanar staar og videofilmar lyskrysset vaart – der lysa skiftar fire gongar utan at det er ein bil aa sjaa. Slikt hadde han ikkje sett i Japan! No er det min tur til aa maape. For eit tempo. For ein kroppskontroll og balanse. Ikkje rart at dette landet fostrar skoeytesprinterar og skihopparar!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *